Hopp til innhold

- Engum burde ha gått av for lenge sidan

Den hovudtillitsvalde ved Kristiansund er ikkje nådig i sin kommentar til at direktøren sluttar. – Direktøren burde ha gått av for lenge sidan, seier tillitsvald Ralph Herter.

Sjukehusdirektør Bjørn Engum

Administrerande direktør Bjørn Engum har hausta strid i samband med endringa i funksjonsfordelinga mellom sjukehusa på Nordmøre og i Romsdal.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Administrerande direktør i Helse Nordmøre, Bjørn Engum, stadfesta onsdag at han sluttar. Han har fått seg ny jobb i Tromsø.

Ralph Herter

Ralph Herter er hovudtillitsvald for dei tilsette ved sjukehuset i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Bjørn Engum har på ingen måte gjort ein god jobb. Vi føler derimot at han har vore bidragsytar til ein voldsom konflikt som ikkje minst gjennom hans virke har blitt verre og verre over tid. Han burde ha innsett for mange månader sidan at han ikkje hadde noko å bidra med. Men det har han ikkje gjort før no, seier hovudtillitsvald Ralph Herter.

Strid om Kristiansund sjukehus

Bakgrunnen for denne kraftsalven er striden om kva tilbod som skal vere ved sjukehuset i Kristiansund. Administrerande direktør Bjørn Engum har lagt fram forslag om at fødeavdelinga og akutt-funksjonar skal flyttast frå Kristiansund til det nye sjukehuset i Molde. Forslaget fekk tilslutnad i styret i Helse Nordmøre og Romsdal, medan det er sendt ut på ei ny utgreiingsrunde av styret i Helse Midt-Noreg.

Vanskeleg å gjenreise tilliten

Hovudtillitsvald Ralph Herter i Kristiansund seier det vil vere vanskeleg å gjenreise tilliten til administrasjonen. Han trur einkvar ny administrerande direktør i Helse Nordmøre og Romsdal vil få det vanskeleg.

Bjørn Engum

Bjørn Engum blir no leiar for Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin i Tromsø.

– Dette blir utruleg vanskeleg. Personleg meiner eg at dei ikkje bør tilsetje ny direktør for dette foretaket. No bør dei berre ta dette helseforetaket og splitte det. Det nyttar ikkje at det skal kome ein ny direktør som kjem med eit oppdrag frå Helse Midt-Noreg eller kvar som helst frå, og skal gjennomføre dette mot all logikk og rimelegheit. Det blir utruleg vanskeleg for einkvar ny direktør å få tillit blant dei tilsette i Kristiansund. Tilliten er oppbrukt, seier Ralph Herter.

Engum til Tromsø

Bjørn Engum har fått tilbod om å bli leiar for Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin i Tromsø.

– Eg fekk tilbod om dette tysdag, og eg valde å seie ja. Eg fekk utdanninga mi i Tromsø, og eg var med på å starte telemedisinsk forsking i Tromsø på 80-talet. Så eg kjem tilbake til kjende fagområde og til eit miljø og personar som eg kjenner godt, seier Bjørn Engum til NRK.

Engum ønskjer ikkje å kommentere kritikken frå Ralph Herter.