Hopp til innhold

Vil finne ny sjef så snart som råd

Helse Nordmøre og Romsdal går så fort som råd i gang med å finne arvtakaren til Bjørn Engum. Den omstridde direktøren går av og flyttar til Tromsø.

Advokat Helge Aarseth

Helge Aarseth er styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Bjørn Engum går av i det som truleg er den mest konfliktfylte tida som har vore i Helse Nordmøre og Romsdal nokon gong. Styreleiar Helge Aarseth hadde helst sett at direktørskiftet hadde skjedd på eit anna tidspunkt enn no.

Sjukehusdirektør Bjørn Engum

Bjørn Engum har vore omstridd i si tid som direktør i Helse Nordmøre og Romsdal.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Meldinga om at han ville gå av kom brått på. Eg skulle helst ha sett at ein del brikker var komne på plass før vi kom opp i spørsmål om skifte av direktør. Vi er oppe i ein krevjande prosess no, seier Helge Aarseth.

– Uaktuelt å endre organisasjon

I dag tidleg sa hovudtillitsvald Ralph Herter at tilliten til leiinga er så øydelagt at dei ikkje bør gå i gang med å tilsetje nokon ny direktør. Han meiner også at Helse Nordmøre og Romsdal fungerer så dårleg, at foretaket bør splittast i to.

– Direktørskiftet er ikkje noka foranledning til å diskutere å endre på strukturen til helseforetaka. Det vi no står overfor er å finne ein ny leiar. Drifta av desse sjukehusa må vere innanfor ei og same eining. Det vil vere uhensiktsmessig å dele dette opp i to helseforetak, seier Aarseth.

– Utsett for urimeleg kritikk

Seinast i dag fekk Bjørn Engum kraftig kritikk frå tilsette ved sjukehuset i Kristiansund. Hovudtillitsvald Ralph Herter sa tidleg torsdag morgon at Bjørn Engum burde ha gått av tidlegare, og at Engum hadde vore med på å skape konfliktane i helseforetaket.

Ralph Herter

Rlph Herter er hovudtillitsvald for dei tilsette ved sjukehuset i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Eg tykkjer kritikken er heilt urimeleg. Det blir å rette bakar for smed. Vi skal hugse at Bjørn Engum har stått oppe i nokre kontroversielle saker. Men det er ikkje han personleg som har kome med forslag til sakene. Det er styra i vårt eige helseforetak og i det regionale helseforetaket som har gitt klare bestillingar på kva som greiast ut. Bjørn Engum har gjort dette i samsvar med klare ordrar frå styra, seier Helge Aarseth.

– Kritikk med feil adresse

Helge Aarseth meiner det er feil å kritisere Bjørn Engum for forslaga han har kome med. Han seier også usemje om sak er blitt blanda med kritikk av personar.

– Denne typen kritikk bør gå direkte til oss i styra. Men kritikken går vel på at ein er usamd i sak. Og der har vi kanskje ikkje vore flinke nok til å skilje mellom kva vi er usamde om og kva som går på tillit, seier Aarseth.