Hopp til innhold

Stor auke i folketalet

Stor auke i folketalet

Fleire av nabokommunane til Ålesund har hatt ein eventyrleg vekst i folketalet dei siste åra.

På ti år har folketalet auka med 14 prosent i Sula og Skodje, og nye tal viser at veksten har fortsatt i 2010.

Nærleiken til Ålesund, satsing på kultur og barnevennlege forhold er viktige grunnar til denne veksten, trur Sula-ordførar Ronny Blomvik frå Frp.