Hopp til innhold

Jordskjelv med styrke 3 på Nordvestlandet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Like før klokka 08.30 blei det meldt om eit kraftig jordskjelv, med styrke 3,03 på Sunnmøre og i Nordfjord. Det stadfestar jordskjelvinstituttet.

Mons Sandnes

Mons Sandnes i Vanylven fortel at heile huset hans dirra like før klokka halv ni tysdag morgon.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Huset stod berre og dirra, fortel Mons Sandnes i Vanylven.

Han var den første som ringte NRK, like før klokka 08.30 tysdag morgon.

– Det varte i om lag 20 sekund. Det kan ikkje ha vore noko anna enn eit jordskjelv, meinte Sandnes.

– Romling og veldig risting

Ikkje lenge etter den første telefonen kom neste.

– Det må ha vore eit jordskjelv, seier Nina Arnesen på Kvalsund i Herøy kommune.

– Eg sat i TV-stova og skulle lese nyheitene på tekst-TV. Så høyrer eg ei låg romling og ei veldig risting. Mannen min oppe på loftet merka det òg.

Skjelvet skal ha blitt kjent godt på Sunnmøre og i Nordfjord. Det eksakte tidspunktet for jordskjelvet er satt til 08.24.46.

Saka held fram under bildet.

Jordskjelv

Her ser ein registreringane til NORSAR. Den øvste målinga er frå Åkneset i Storfjorden, medan den nedste målinga er frå målestasjonen på Løten i Hedmark.

Foto: NORSAR

Jordskjelvinstituttet opplever òg telefonstorm

Jordskjelvinstituttet i Noreg, NORSAR, på Kjeller har fått ei rekkje telefonar i morgontimane.

– Vi treng framleis litt tid på å analysere registreringane. Men vi ser at det har vore utslag på nokre av målingane, seier forskar Tormod Kværna til NRK Møre og Romsdal klokka 08.45.

Litt seinare stadfestar Kværna at det har vore eit jordskjelv.

Tormod Kværna

Seismolog Tormod Kværna i NORSAR, fortalte at dei førebels målte styrken til 3,5. Etter kvart blei det litt nedjustert.

Foto: Arkiv / NRK

– Styrke på 3,5

– No har eg sett på data, og førebels set vi styrken til 3,5 på jordskjelvskalaen.

Dette blei seinare nedjustert til 3,03.

– Mykje tyder på at senteret for jordskjelvet er ein stad ved Måløy eller Selje, fortel Kjæra, før han legg til at dette er eit førebels estimat.

Han seier slike skjelv ikkje er unormalt.

– Det er heilt tydeleg at folk har følt dette. Det er heller ikkje uvanleg for Vestlandet med skjelv på denne styrken. Det har vore tilsvarande og liknande skjelv i området før, fortel Kværna i NORSAR.

– Opplevinga til folk har nok vore forskjellig alt etter kor langt unna dei har vore skjelvsenteret. Om skjelvet var grunt (journ. anm. høgt i jordoverflata) kan folk ha opplevd skjelvet som svært sterkt, held han fram.

Han seier det som oftast ikkje blir skadar under jordskjelv av denne styrken.

Les korleis fleire har oppglevd det på Facebook-sida vår: NRK Møre og Romsdal

– Litt moro skal ein ha!

Jordskjelvet blei ein brå måte å vakne på for nokre.

– Eg hadde ikkje stått opp før eg merka at heile senga mi rista, fortel Geir Gjerde i Gjerdsvika.

Han er bonde, og skulle sove litt frampå i dag.

– No står eg opp til arbeidsdag.

– Men det gjekk bra her i alle fall. Litt moro skal ein ha!, avsluttar Gjerde.

«Skotsalve», «eksplosjon», «takras», «diger dumper»

Meldingane frå folk er mange, og opplevinga har vore svært ulik.

– Det «skvaldra» i heile huset, og det kom svært uventa. Eg trudde det var nokon som skaut ein skikkeleg salve, seier Bjarne Molvik på Brandal.

– Eg trur det var ein eksplosjon. Eg sat åleine og det var heilt stille like før, så eg merka det svært godt, seier Randi Steinsvik på Gurskøya.

I Hovdebygda trudde Jan Trygve Gressland at det hadde gått eit ras.

– Det verka som eit stort takrast. Men vanlegvis rasar det ikkje slik frå taket. Det var eit bulder, og det rista i lause delar, fortel han.

– Det klirra og rista. Det var som eit sug. Ein skulle trudd at det var ein diger dumper utanfor huset, seier Cecilie Torbjørnsen i Volda.

Korleis opplevde du jordskjelvet? Har du tips eller bilde, kan det sendast til mr@nrk.no, eller du kan ringe oss på telefon 70 11 52 00.