Hopp til innhold

Standal og Sandal sikra tre poeng for Hødd

Erik Sandal banka inn 0-1 i Sandefjord, før Espen Standal blei ny Hødd-toppscorar med scoring nummer 25 – i kamp nummer 100 – for blåtrøyene.

Standal og Sandal

Standal og Sandal har scora kvar sitt i første omgang.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Det er sjukt godt med tre poeng, og det var fullt fortent, men vi har faktisk framleis ein del å gå på, seier Espen Standal.

21-åringen frå Ørsta feira dobbelt jubileum mot Sandefjord. Ikkje berre spelt han sin kamp nummer 100 for Hødd, men han scora også sitt mål nummer 25 – og gjekk opp som klubben sin mestscorande i år.

– Litt ekstra kjekt med ein god kamp i dag?

– Ja, det er utruleg kjekt. Eg sa før kampen, til han «Aurs» (journ.anm. Fredrik Aursnes) at dersom eg scora så skulle eg lage «1» og «0», og så skulle han kome med «0».

– Men så gløymde eg feiringa heilt ... Det blei gjort, men det blei eit litt mislukka 100-tal. Målet mitt var derimot godt å få inn, flirer Standal i prat med NRK.

Lars Arne Nilsen

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen kunne juble etter ein sterk bortesiger i Sandefjord.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Kontra Sandefjord i senk

Første omgang mellom Sandefjord og Hødd blei fartsfylt med mange sjansar.

Hødd var tidvis litt slepphendte bakover, mellom anna då Steffen Moltu serverte Kjell Rune Sellin midt i omgangen. Skotet til den tidlegare Hødd-spelaren gjekk derimot like utanfor.

Hødd på si side var livsfarlege på kontringar, og ein Erik Sandal i skytehumør banka inn 0-1 på forsøk nummer tre. Høgreback Akeem Latifu slo inn frå sida, før Sandal banka inn Hødd-leiinga frå 16-meteren.

Laget frå Ulsteinvik pressa vidare på, og eitt minutt på overtid kom 0-2 på etter ei flott kontring.

Espen Standal kombinerte med Erik Sandal i høg fart, der sistnemnde slo ballen inn igjen i feltet frå skrått hald. Standal var litt heldig som fekk igjen ballen, men på halv volley la han mål nummer to i nettet.

Andre omgang blei ikkje like hektisk som den første, og trass i lett Sandefjord-press ebba kampen ut i siger 2-0 for Hødd.

– Utruleg uproft og dårleg

Standal måtte gå ut i andre omgang etter ein liten smell, men er tilbake før heimekampen mot Bryne neste søndag. Sigeren mot Sandefjord, etter to av ni moglege poeng i dei tre kampane før, kjem godt med, fortel han.

– Det gjer utruleg godt med ein siger igjen. Det som er, er at vi som regel er best når vi møter gode lag.

Ørstingen, som har eit mål om å bli toppscorar, meiner Hødd må «reise kjerringa» igjen etter det sure tapet i sist heimekamp.

– 0-2-kampen heime mot Vard Haugesund, ja. Det var utruleg uproft og dårleg av oss å tape den kampen, meiner Standal.

– No skal vi gjere alt for å slå Bryne på søndag.

Bortetunge veker for blåtrøyene

Kampen mot Sandefjord var Hødd sin tredje bortekamp på rad.

Hødd sikra eitt poeng langt ute i overtida borte mot Ullensaker/Kisa førre helg, medan laget rota vekk ei 2-0-leiing borte mot Follo 13. juni.

Før det igjen blei det eit surt 0-2-resultat mot Vard Haugesund på Høddvoll. Den siste sigeren før Sandefjord-kampen var 2. juni borte mot Elverum.

Motstandar Sandefjord har gjort det svært skarpt etter ei dårleg opning, og har vunne seks av dei sju siste kampane. På topp spelar Kjell Rune Sellin, som i fjor hjelpte Hødd til fornya 1. divisjonskontrakt og cuptriumf.

Laga:

Hødd (4-3-3): Andreas Lie - Akeem Latifu, Jesper Tørnquist, Steffen Moltu, Ruben Kenneth Brandal - Fredrik Aursnes, Sivert Heltne Nilsen, Erik Sandal - Pål André Helland, Espen Standal, Joachim Magnussen.

Sandefjord (4-4-2): Iven Austbø - Victor Bindia, Yaw Amankwah, Alexander Gabrielsen, Tom Skogsrud - Tijan Jaiteh, Henrik Gustavsen, Dien Cheikhou, Eirik Lamøy - Ørjan Røyrane, Kjell Rune Sellin.

Sellin scorar i cupfinalen

Kjell Rune Sellin sente Hødd i leiinga i cupfinalen mot Tromsø 25. november i fjor. No spelar han for Sandefjord.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL