Hopp til innhold

Stengde vegar råkar turistnæringa i Geiranger

Overnattingsstader i Geiranger har dei siste dagane opplevd avbestillingar frå gjestar som rett og slett ikkje finn fram til bygda.

Stengd veg ved Opplenskedal i Geiranger

Vegen mellom Geiranger og Strynefjellet er stengt, i tillegg til Trollstigen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / n11257

Sesongens første omgang med snø, sterk vind og rasfare har ført til stenging av Trollstigen, mens også vegen frå Austlandet om Strynefjellet har vore stengd heile veka.

Dermed må ein køyre lange omvegar for å kome til den kjende turistbygda. Det merker dei der.

For bussjåføren frå Estland har det vore fleire endringar i planane for å kome seg til og frå Geiranger.

– Sjefen endra planane fordi vegar var stengt på grunn av snø, seier sjåfør Gennadi Surajev.

Bussjåfør frå Estland

Gennadi Surajev.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det er sendt ut gult farevarsel for snø i fjellet i Sør- Noreg. Meteorologene ber trafikantar om å rekne med ekstra tid viss ein skal ferdes i høgda.

– Viss du skal over fjellet, over 1000 meter, og det er kraftige kastevind og dårleg sikt, og du kanskje ikkje er kjent på vegen, så kan det bli farlege situasjonar. Og det må vi prøve å ta litt høgde for, seier Kåre Berge, byggleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kåre Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune

Kåre Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune, som har ansvar for fylkesvegane.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Uvær og stengte fjelloverganger Ber trafikanter beregne ekstra tid

Ventar mange gjester

I Geiranger har fleire overnattingsbedrifter fått avbestillingar siste veka. Hotel Union har mange gjester i vente dei komande dagane.

– Vi har framleis ein del turistar som ferdast langs vegane, og som har hatt problem med å kome seg til Geiranger, seier hotellsjef Finn Helge Nustad.

Han håpar at det snart løyser seg.

– Det er viktig for oss å få opna, slik at det er ein veg ut av bygda. Vi har stor trafikk for kurs og konferansar dei neste to, tre vekene, seier Nustad.

Finn Helge Nustad, hotellsjef ved Hotel Union i Geiranger.

Finn Helge Nustad er hotellsjef ved Hotel Union i Geiranger.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK1

Vurderer opning

Rasfare, temperatursvingingar og nedbør er med i vurderingane når vegen over fjellet blir halden stengt.

Vi har eit ganske stort apparat som jobbar rundt dette her, både med geologar, brøytarar, kjentfolk og meteorologar. Vi må tenke trafikktryggleik og alle som skal bruke vegen, seier Kåre Berge i fylkeskommunen.

Hotel Union Øye Geiranger.

Hotel Union Geiranger.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK