Han vil heller ha vasskraft og gasskraft.
På energikonferansen i Kristiansund i dag talte industrileiaren energileverandørar og styresmakter midt imot.
Subsidiesluk
Steinsvik meiner det er for store kostnader med vindkraft. Han viser til at vindkraft må ha oppbakking av anna kraft når det ikkje bles. Han hevdar at vindkraft er å lure seg sjøl.Han karakteriserer dette som eit evig subsidiesluk.
Pål Arne Aukan i KrF er heilt usamd i dette. Energikrisa sist vinter viste at Noreg treng fleire bein å stå på, og må bruke alle energikjeldene som finst- og utvikle desse.