Hopp til innhold

Diskusjonen startar: Kvar skal grensene gå?

Neste månad startar arbeidet med den mest omfattande reforma i Kommune-Noreg på mange tiår.

Møre og Romsdal

Tidleg på sommaren vedtok Stortinget at arbeidet med kommunereforma skal setjast i gang. Fylkesmennene har fått i oppdrag å setje i gang lokale prosessar. og no har Sunnmøre regionråd bestemt seg for å halde ei stormønstring alt 25. september. Då skal alle formannskapa på Sunnmøre samlast for å diskutere korleis kommunereforma kan gjennomførast.

Anders Riise

Anders Riise er ordførar i Hareid og leiar i Sunnmøre regionråd.

Foto: Terje Reite / NRK

Rigmor Brøste

Rigmor Brøste er assisterande fylkesmann i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
– Det er viktig for oss å samle flest mogleg. Dette er ei demokratireform like mykje som ei kommunereform. Vi ønskjer at flest mogleg av lokalpolitikarane får ta del i prosessen, seier ordførar i Hareid og leiar i Sunnmøre regionråd, Anders Riise.

Kva forventningar har DU til kommunereforma? Delta gjerne i debatten i kommentarfeltet under artikkelen.

– Eg gler meg

Det er fylkesmennene som skal legge til rette for dei regionale prosessane der kommunane skal vurdere om kommunegrensene er tilpassa utfordringane i framtida. Også KS har fått ein formell invitasjon til å samarbeide om reforma.

– Eg gler meg til å ta fatt på denne jobben, seier assisterande fylkesmann Rigmor Brøste til NRK.

– Må bruke tid

Brøste har fått ei sentral rolle i samband med gjennomføringa av kommunereforma i Møre og Romsdal.

– Vi må bruke tid og ikkje springe etter løysingar med ein gong. Startskotet går no tidleg i haust. Og vi har fått råd om å byrje arbeidet gjennom regionråda. Så all ære og skryt til Sunnmøre regionråd som alt har sett datoen for ei slik brei startsamling, seier Brøste.

– Første halvår er viktig

Ifølgje Kommunal rapport er 110 kommunar alt i gang med arbeid med sikte på å vurdere kommunesamanslåingar.

– Faren for at vi skal strande er stor om vi ikkje får til ein brei og god prosess i starten. Her må vi gå breitt ut frå starten av, seier Anders Riise.

– Vert det første halvåret avgjerande?

– Ja. Det som skjer det første halvåret er det viktigaste for om dette skal bli ein suksess eller ikkje, avsluttar Riise.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL