Ordførar i Ørsta, Rune Hovde (H).
Foto: Trond Vestre / NRK– Det er viktig at Ørsta og Volda sjølve tar ansvaret i staden for å bli overkøyrd når kommunesamanslåinga kjem, seier ordførar i Ørsta, Rune Hovde (H).
Regjeringa vil gjennomføre ein kommunereform innan dei neste tre åra. Dei to kommunane er geografisk nære og har vore gjennom ein runde allereie.
- Les også:
– Viss vi hadde ønska å stoppe denne prosessen så har vi tusen gode argument å drage fram. Men vil vi det? Eller ønskjer vi heller å få til gode løysingar for innbyggjarane våre, seier Hovde.
Stort ansvar
Arild Iversen (KrF), ordførar i Volda.
Foto: Trond Vestre / NRKArbeiderparti-politikar Petter Bjørdal frå Ørsta.
Foto: Trond Vestre / NRKÅsmund Masdal frå Nordre Vartdal er ikkje begeistra for samanslåing.
Foto: Trond Vestre / NRKAllereie våren 2016 skal kommunane gjere sine vedtak, og 2. september kjem kommunalministeren på besøk. Då startar arbeidet.
– Vi har eit stort ansvar når det gjeld å setje i gang og gjennomføre ein god prosess. Eg trur også at vi har eit ansvar for å synleggjere det at desse to kommunane har mykje til felles, seier Volda-ordførar Arild Iversen (KrF).
– Liten gevinst
Arbeiderparti-politikaren Petter Bjørdal frå Ørsta meiner at det er lite å hente økonomisk viss kommunene slår seg saman.
– Dei fordelane som ein får ved samanslåing av barnevern og andre fellesfunksjonar har vi allereie. Difor ser ikkje eg nokon gevinst i denne samanslåinga.
- Les også:
Han meiner at det hadde vore betre å gjere heile Søre Sunnmøre til ei kommune.
– Då hadde kommunen blitt stor nok til å ta over dei funksjonane som fylkeskommunen har i dag, seier Bjørdal.
Kva skal barnet heite?
Innbyggjarane Reidun Vartdal og Åsmund Masdal frå Nordre Vartdal i Ørsta er skeptiske.
– Blir det samanslåing så blir Ørsta ein utkant, og det likar eg ikkje, seier Marsdal.
– Slik som eg ser det så er det ikkje positivt at avstandane blir større. Også kjem vi til å få eit kjempeproblem med å bestemme kva kommunen skal heite. Det må jo bli Ørsta, seier Vartdal.