Hopp til innhold

Sprengingsarbeid i samband med vegprosjekt

Møre og Romsdal fylkeskommune melder at det vil bli noko sprengingsarbeid i samband med vegprosjektet mellom Blindheim og Flisnes.

– Når det er sprenging i nærleiken av fylkesveg 60 vil denne bli stengt i korte periodar. Sprenging i nærleiken av fylkesvegen vil berre skje utanom rushtid, melder fylkeskommunen.

Dei melder også at naboar til anlegget vil merke sprengingsarbeidet i ulik grad alt etter kvar ein bur, og at det er mogleg å få SMS-varsling i forkant av sprenginga.