Hopp til innhold

Sommartoget kjem til Åndalsnes 8. juli

Det skal gå gjennom 17 fylke og 118 kommunar. Sommartoget er på skinner frå 27.juni til 19.august.

Programleiarane på Sommartoget

Her er dei åtte programleiarane som skal dele på reisa med Sommartoget.

Foto: Marit Hommedal / NRK

Dette er NRK si sommarsatsing i år, og etter nokre år med besøk av Sommarbåten er det no altså eit spesialinnreidd Sommartog som kjem.

I åtte veker skal toget tøffe og gå frå stad til stad, og dele skinne med dei ordinære passasjer- og godstoga. Undervegs blir det fortalt om landskap og samfunn som Sommartoget passerer.

Opptaka frå dei aktuelle dagane blir sende på NRK1 same ettermiddag. Og med unnatak av søndag og måndag blir det kvar dag lagt ut på ei ny jernbanestrekning.

Åtte programleiarar skal dele på reisa. Til Åndalsnes og Rauma kjem toget 8.juli, og med på toget er programleiar Henriette Louise Krogness.

Hennar tur startar i Hommelvik 04.juli, og går via Støren, Oppdal, Dombås og så til Åndalsnes.

Håper på folkefest

Blid, mørk kvinne ved togskinne

Her er programleiaren på Åndalsnes 08.juli, Henriette Louise Krogness.

Foto: Marit Hommedal / NRK

– Eg er så heldig å få Trøndelag og Møre og Romsdal på mi reise, og akkurat no pågår det eit iherdig arbeid med å knyte kontakter og planlegge det som skal skje på Åndalsnes. Men akkurat no kan eg ikkje seie så mykje meir om kva som står på programmet, ler Krogness.

Ho fortel at toget går omlag tre timar kvar dag og det tradisjonelle Sommeråpent skal gå frå dei stadene toget tar sin kveldsstopp.

Krogness vedgår at ho ikkje kjenner Møre og Romsdal så altfor godt, men gler seg til å sjå mellom anna Trollveggen og Kylling bru.

NRK og Sommartoget håper det er folk langs heile ruta, og etter kvart blir det klart når toget passerer dei ulike stadene på si ferd til Rauma.

– Tilgi meg for at eg aldri har vore på Åndalsnes før. Truleg blir eg heilt bergtatt av området og eg håper det blir ein folkefest når toget kjem dit.