NRK Meny
Normal

Sommarkjensle på Hellesylt

Dei vakre, solfylte maidagane kallar på sommarkjensla. Ja, så overveldande er denne kjensla, at på Hellesylt, der slår dei fast at sommaren er komen.

Azura i Hellesylt

Cruiseskipet Azura med sine 290 meter og vel 3000 passasjerar er eit mektig syn når det ligg fortøydd like utanfor elveosen på Hellesylt. 11. mai kjem skipet på besøkt til Åndalsnes.

Foto: Arne Inge Tryggestad

Den vesle fjordbygda Hellesylt inst i Sunnylvsfjorden har kasta av seg vinterhamen og er klar for både vår og sommar.

– No er det sommar og eg elskar Hellesylt. Det er min stad på jorda, her vil eg vere for ever!

Utsegna kjem spontant og skråsikkert frå ein kar i blå sportsjakke, briller og caps. Han spaserer munter i veg i sentrum av Hellesylt, og gir seg gjerne i prat med besøkande i fjordbygda.

Ferja mellom Hellesylt og Geiranger for i år starta turistsesongen 1. mai, og det med sol frå skyfri himmel, knallgul sol, vaiande pinseliljer, spaserande, lettkledde besøkande langs kaia, fleire utanlandske turistbussar, turistar med solbriller og kamera og eit godt drag av sommar i lufta.

– Heldige meg!

Ein av dei fastbuande som prisar dagane vi no er inne i, er pensjonist Roar Folke Ljøen, karen som er så munter til sinns når vi første gong møter han på brua like ved Hellesyltfossen.

Etter mange år borte frå bygda i arbeid som mellom anna spesialsjukepleiar, lærar på sjukepleieutdanninga i Molde og instruktør i hjarte – og lungeredning, har han slått seg til i heimbygda til far sin, fortel han.

Mann ved foss

Roar Folke Ljøen er ein humørfylt og arbeidsvillig kar som ventar årets cruisesesong. Då skal han vere med og syte for at trossene blir godt festa.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Eg bur midt i sentrum av Hellesylt, og når turistar kjem forbi og ser at eg hogg ved eller gjer anna utearbeid, stansar dei og slår av ein prat. Det er alltid kjekt å snakke med folk, strålar Roar.

Men sommartida er også hektisk for Ljøen. Saman med fire- fem andre i bygda er han fast på kaia når cruiseskipa stemner inn og hjelper til når dei skal inn til kai.

– Heldige meg som fekk meg jobb med cruiseskipa, smiler han og er i sitt ess når trossene skal festast.

Cruiseskip Hellesylt

Innbyggartalet på Hellesylt blir mangedobla kvar gong eit cruiseskip legg til kai. I år er det venta 117 cruiseskip til fjordbygda.

Foto: Remi Sagen/NRK

– Då er vi der og hjelper til slik at alt kan gå kjapt og godt føre seg. Av eit arbeidslag på fire- fem, er to ute i lettbåt og tar imot trossa som blir senka ned til oss, og så legg vi henne rundt den gule pullerten. Dei to andre medhjelparane tek imot på land, og så har vi ein som administrerer det heile, fortel Ljøen.

Ventar og ventar

Det er lettast å fortøye dei store båtane, for då er trossene ikkje så lange, kan Ljøen fortelje. Årets første cruiseskip kjem til Hellesylt 16. mai og no går Roar og ventar på at dagen skal kome.

Ferjekaia på Hellesylt

Ferja Hellsylt-Geiranger er i gang med årets turistsesong.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

For det er ein merkedag for folket i fjordbygda når første skipet duvar inn over Sunnylvsfjorden.

– Det er eit mektig syn når desse store cruiseskipa kjem. Det er helst om morgonane dei dukkar opp, seier Roar.

Årets første skip er ein kjempestor luksusbåt MSC Fantasia på heile 333 meter. Vel 4600 passasjerar har ho med om bord. Skipet blir ikkje liggande lenge på Hellesylt før det går vidare til Geiranger.

Smilande mann ved rastebord
Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Losane seier Hellesylt hamn er den beste å fortøye til for vi er så kjappe, så godt drilla og det heile går som smurt. Vi treng ikkje snakke til kvarandre, alle veit kva dei skal gjere, fortel Roar Folke Ljøen før han svingar bortom ferjekaia og kikkar på at bilferja Bolsøy klappar til kai.

Ein flokk turistar strøymer på land, før tre turistbussar og fleire bilar med utanlandsk registreringsnummer køyrer om bord.

Jau, då, det lir mot sommar i fjordbygda inst i Sunnylvsfjorden.