Hopp til innhold

SNR Kristiansund: Dobla areal og stor kostnadsauke

Arealet som skal brukast og vedlikehaldast ved sjukehuset i Kristiansund i framtida er nesten dobbelt så stort som styret tidlegare har fått orientering om.

SNR Kristiansund

Slik skal det sjå ut når både Helse Møre og Romsdal og store deler av helsetenestene i Kristiansund kommune skal inn i bygningane.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Då Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) blei planlagt blei behovet for areal i Kristiansund utrekna til å vere 5500 kvadratmeter. Om lag 8 år seinare ser arealet ut til å hamne på 10.300 kvadratmeter.

Og ikkje nok med det: Prislappen for vedlikehald og ombygging har esa ut. I første omgang må det gjerast ombyggingar for 50 millionar kroner. Og på grunn av etterslep i vedlikehald kan denne summen bli dobla.

Ingve Theodorsen, styreleiar i Helse Møre og Romsdal

Styreleiar Ingve Theodorsen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Vi har alle innbilt oss at dette er eit sjukehus som krev lite vedlikehald. No seier prosjektdirektøren at det ligg fleire hundretals millionar kroner i etterslep på vedlikehald. Og det må gjerast utbetringar for 50 millionar før vi startar opp SNR Kristiansund, seier styreleiar Ingve Theodorsen til NRK.

– Ikkje imponert

Det var prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal som la fram dei nye opplysningane under styremøtet i Helse Møre og Romsdal onsdag. Der kom det fram at han var kritisk til utgreiingsarbeidet som blei gjort i 2015. Han avslutta presentasjonen med å seie at han ikkje var imponert over arbeidet som blei gjort på eit tidleg stadium.

Knut Ragnar Heimdal, prosjektdirektør, Adm Dir Heidi Nilsen og styreleder Ingve Theodorsen på styremøtet på sjukehuset i Kristiansund

Prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal saman med direktør Heidi Nilsen og styreleiar Ingve Theodorsen.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Kostnadsoverslaga frå den gongen var gjort utan fullstendige undersøkingar. No kjem det fram at innvendige tak må skiftast og ein stor del av vindauga er modne for utskifting.

– Det som kom som ei overrasking er dei tekniske areala som aukar dramatisk. Men slik er det. Og no har vi fått det på bordet, seier Theodorsen.

Auka tilbod ved sjukehuset

Deler av kostnadsauken og auken i areal har også ei naturleg forklaring. For gjennom både sjukehusstrid og endra syn på plassering av funksjonar har resultatet blitt at SNR i Kristiansund blir meir innhaldsrikt enn tidlegare tenkt. Særleg plassering av eit psykiatritilbod og ei apotek har ført til arealauke.

– Dobling av arealet kom ikkje som noka overrasking. Psykiatrien skal inn og sjukehusapoteket skal inn.

– Får tala på bordet

Styreleiar Ingve Theodorsen i helseføretaket meiner det er svært viktig å få alle tall påtaldet, for å unngå store kostnadssprekkar.

– Dette må vi få lagt fram for styret. Ein ting er at arealet har vakse for å få plass til nye funksjonar. Men vi må også få inn prognosen for vedlikehald og ombyggingar, seier Theodorsen.

Tala som blei lagt fram i dag var heilt nye og delvis overraskande for styret.

– Ingen har før i dag referert til dei ekstraordinære kostnadene som trengst for å bygge om. Og det er veldig bra at dette kjem fram no. SNR i Kristiansund og Hjelset skal gjennomførast. Men styret må vite kva dette kjem til å koste, seier Theodorsen.