Hopp til innhold

– Må vite følgjene av full stans i oppgraderinga av Ålesund sjukehus

Ei usikker tid med renteauke og sterk prisauke er noko av utgangspunktet for dagens styremøte i Helse Møre og Romsdal.

Heidi Nilsen - administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal

Heidi Nilsen er administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det er også ei rivande utvikling innan medisinteknisk utstyr, og behovet for oppgradering er stort.

Dei største planlagde investeringane for helseføretaket er p i dag Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, AIO-prosjektet i Ålesund og utbygging i Volda.

– Dette er samfunnsnyttige investeringar i bygg og infrastruktur, som er sentralt for å effektivisere drifta, skriv administrerande direktør Heidi Nilsen i saksdokumenta.

Styremøte i Helse Møre og Romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal hadde møtet sitt i Kristiansund onsdag.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Må bu seg på full stopp i Ålesund

Milliardutbygginga av Ålesund sjukehus er det prosjektet der det er knytta størst uvisse til finansieringa, ifølgje Nilsen.

– Det er ein risiko for forseinking i AIO-prosjektet, noko som er uheldig då prosjektet vil vere avgjerande for å lukkast med framtidig effektivisering, skriv ho.

Ho hadde venta at det skulle kome ein klar garanti for finansieringa i Revidert nasjonalbudsjett.

– Den garantien kom ikkje. Eg har i alle fall ikkje funne den. Eg ser gjennom media at det er sterke lovnader med tanke på statsbudsjettet. Men sjølve garantien er ikkje komen enno, sa Nilsen.

Under styremøtet tok styreleiar Ingve Theodorsen til orde for at føretaket må bu seg på full stans i prosjektet om det ikkje kjem garantiar frå Staten.

– Vi må utgreie følgjene av full stopp for AIO. Vi får ikkje noko signal om vi kan gå i gang i løpet av sommaren. Det kjem helst i november/desember under behandlinga av Statsbudsjettet. Og eg vil vite kva det vil koste å gjennomføre samhandling med entreprenør. Brukar vi millionar på samhandlingsfasen og får nei til å gå i gang, då er dette pengar vi har tapt, sa Theodorsen.

Ingve Theodorsen, styreleiar i Helse Møre og Romsdal

Ingve Thodorsen er styreleiar i Helse Møre og Romsdal. Han vil vite følgjene av ein full stopp i arbeidet med å oppgradere Ålesund sjukehus.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Direktør Heidi Nilsen skisserte også ein plan der ein kan halde fram med førebuingsarbeid under påvente av at garantien skal kome under behandlinga av statsbudsjettet.

– Vi kan halde fram arbeidet med forprosjektrapporten og usikkerheitsanalyse. Dette kan vere på plass i september. Men det er ikkje sikkert at vi får på plass finansieringa til dette tidspunktet. Dermed er det vanskeleg å gje klarsignal til gjennomføring av totalprosjektet.

– Spørsmålet er om vi kan gå i gang med ei samspelsfase med entreprenør. Den skal gjennomførast før det blir skrive kontrakt. Blir det full stopp her så må vi bygge ned organisasjonen og det blir forseinking, sa Nilsen.

Theodorsen meiner at føretaket også må greie ut kva følgjer det får om det blir full stopp i arbeidet. Denne utgreiinga skal leggast fram for styret i juni.

Ålesund sjukehus

Treng oppgradering: Ålesund sjukehus er bygd på 70-talet og er modent for omfattande oppgradering. Stortingspolitikarar har lovt at det skal kome ein lånegaranti. Men denne er truleg ikkje formelt i orden før under behandlinga av statsbudsjettet i november/desember.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Revidert dekkjer ikkje kostnadsauke

Gjennom Revidert nasjonalbudsjett har sjukehusa fått ekstraløyvingar i vår. 125 millionar kroner blei fordelt til Helse Møre og Romsdal. Seinare kom det ein kompensasjon for løns- og prisvekst. Her er ikkje tala heilt klare enno, men direktør Heidi Nilsen trur det hamnar på om lag 70 millionar kroner.

– Men alt no har vi stor kostnadsauke på fleire forbruksvarer, særleg på medisinar, sa Heidi Nilsen.

Ho er også uroa etter resultatet av lønsoppgjeret.

– Vi har budsjettert med ein lønsauke på 4 prosent. Lønsauken blir på 5 prosent. Dette vil gje store utslag på rekneskapen vår. Løyvinga frå revidert vil nok dekkje lønsauken, men då dekkjer den ikkje alt av prisvekst, sa Nilsen.

SNR: Stor auke i areal og kostnader

Under styremøtet kom det også fram overraskande tal om SNR-avdelinga i Kristiansund. Her har arealet blitt dobla i høve dei opphavlege planane. Bygningane må i første omgang oppgraderast for 50 millionar kroner. Ifølgje prosjektdirektøren kan denne summen bli dobla.

– Det som kom som ei overrasking er dei tekniske areala som aukar dramatisk. No har vi fått det på bordet, seier Theodorsen.

SNR Kristiansund

Både auken i areal og kostnader kom som ei overrasking på styret som var samla i Kristiansund onsdag.

Foto: Helse Møre og Romsdal

– Må skjermast for svingingar

Før styremøtet påpeikar administrasjonen at det er mange utanforliggande faktorar som påverkar handlingsrommet til helseføretaket. Det eine er rentenivået som har stige kraftig siste året. Sidan førre periode har finansresultatet forverra seg med 168 millionar kroner som følgje av auka rentenivå.

Direktøren konkluderer med at sjukehusa treng føreseielege økonomiske rammer slik at sjukehusa blir skjerma for konjunktursvingingar.

– Sjukehusa treng føreseielege og realistiske budsjettrammer, skriv Nilsen.

Heidi Nilsen orienterer om Helseplattforma.

Feil må rettast: Direktør Heidi Nilsen orienterer om Helseplattforma under styremøtet i Kristiansund. – Det er viktig at feil og manglar blir retta før Møre og Romsdal tek systemet i bruk, sa Nilsen.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Negativ økonomisk utvikling

Helse Møre og Romsdal har vore gjennom ein periode med positive økonomiske resultat. Tala for siste månadene kan tyde på at trenden har snudd. Resultata for både mars og april har raude, negative tal.

– Eg var optimist då vi fekk ekstraløyvinga tidleg på året. Men så ser vi at det har vore kostnadsauke i mars og april, særleg på varekostnader og løn.

Krevjande år i vente

Ifølgje langtidsplanen skal Helse Møre og Romsdal gå med overskot dei fleste av åra som kjem. Men 2025 og 2026 ser svært vanskelege ut. Der ligg prognosane no eit stykke på minussida.

Styreleiar Ingve Theodorsen seier at sjukehusa må gå med overskot for å skape eigenkapital til investeringar. Både milliardoppgraderinga av Ålesund sjukehus og ekstrakostnadene ved SNR i Kristiansund blir krevjande, ifølgje Theodorsen.

– Vi må effektivisere, særleg med tanke på åra 2025 og 2026. Vi må ha konkrete tiltak på dette. Utan dette blir det vanskeleg å gjennomføre planane vi har. Vi har allereie krympa investeringane på medisinteknisk utstyr til eit minimum. Vedlikehaldsbudsjetta er på eit minimum. Vi må finne måtar som kan gjere pasientbehandlinga meir effektiv. Det blir ein krevjande haust og vår, sa Theodorsen.

– Færre må behandle fleire, konkluderte han.