Hopp til innhold

Snart må du betale for å køyre inn i Geiranger

Det går mot bilnummergjenkjenning og turistskatt i norske reiselivsbygder.

Cruiseskip i Geiranger

TURISTSKATT: Aktørar i norsk reiseliv meiner at turistane må betale meir for å kunne nyte norsk natur.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Alle snakkar om berekraftig utvikling i verdsarvområda i Geiranger og Nærøyfjorden. Alt tyder på at rekninga hamnar hos turistane.

Det er stor bil- og busstrafikk på dei kronglete, verdskjende vegane til og frå Geiranger. No kjem kravet om at turistane må bidra med kroner og øre.

På konferansen Grøn Fjord i Geiranger snakkar dei om cruiseskipa som skal gå mot nullutslepp i løpet av få år. Finansieringa av reiselivet er også eit viktig tema.

Bilnummer

NUMMERLESING: Moderne teknologi med gjenkjenning av bilnummer er ein mogleg metode for å kunne krevje inn pengar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Gjenkjenning av bilnummer

Fellesgodefinansiering heiter det på turistnæringa sitt eige språk. I verdsarvstadene Flåm og Geiranger krev fleire reiselivsaktørar at dei tilreisande skal betale meir. Dei vil ha i gang ei prøveordning der gjenkjenning av bilnummer er ein del av opplegget.

– Teknologi med skiltlesing er noko vi vurderer sterkt å ta i bruk, seier Ståle Brandshaug, reiselivsdirektør i Visit Sognefjord. Målet til reiselivsnæringa er at alle skal betale – uansett om dei kjem med bil, buss, ferje eller cruiseskip.

Grøn Fjord

KLAR TALE: Ståle Brandshaug og Katrin Blomvik Bakken trur at dei tilreisande er villige til å betale for fellesgoda.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Vil ha prøveprosjekt

Både i Geiranger og i Flåm håper dei at det kan vere politisk vilje til å satse på dette. I første omgang vil dei ha eit prøveprosjekt nokre få stader. På sikt kan det bli likt over heile landet.

Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord seier at gjestane må betale for dei goda dei får når dei er på besøk i Noreg. I Flåm har dei tre hundre innbyggarar, og ein million besøkande i året.

– Når trafikkstraumen er så stor, må vi ha eit større inntektsgrunnlag. Små kommunar og bedrifter kan ikkje lenger ta ansvaret for toalett, søppel og parkering, seier Brandshaug.

Ferje, Eidsdal

IKKJE BERRE CRUISE: Mange turistar kjem med bil og ferje via Eidsdal til Geiranger.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I Geiranger har både turistnæringa, innbyggarane og kommunen bede om få innføre turistskatt i mange år.

Katrin Blomvik Bakken

INGEN SKEPSIS: Katrin Blomvik Bakken i Grøn Fjord-samarbeidet seier at utlendingane er vande med å betale turistskatt.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Er vande til å betale

– Vi har god tru på det opplegget som no blir skissert; seier Katrin Blomvik Bakken. Ho er prosjektleiar for Grøn Fjord-konferansen i Geiranger.

– Men vil ikkje dette verke negativt for dei som vurderer å reise hit?

– Ingen blir skremde av dette. Turistskatt er eit kjent fenomen internasjonalt. Dette er noko dei fleste turistane er villige til å betale, seier Katrin Blomvik Bakken.

Verdsarvområda i Geiranger og Flåm skal kome med ein uttale i løpet av ein månad. Då blir det opp til politikarane og styresmaktene om dei vil opne for ei prøveordning der turistane betaler.

Union Hotell, Geiranger

STOR TRAFIKK: Det går hardt utover vegar og infrastruktur. Turistbetaling skal ifølge næringa vere med på å skape eit betre tilbod på turisttette stader som Geiranger.

Foto: Tore Ellingseter

Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord ser gjerne at ordninga er på plass allereie neste sommar.

– Vi håper dette kan skje så raskt som mogleg. Vi kan ikkje halde fram som i dag, der små aktørar ordnar sanitærforhold og parkering utan å ha noko igjen for det.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL