Hopp til innhold

Smiler etter nokre tunge pandemiår

Ålesund folkehøgskole trur dei har funne ut korleis nå betre ut til reiselystne ungdommar igjen. Talet på elevar som takkar ja til plass på skulen har dobla seg frå same tid i fjor. Allereie er nesten 90 av rundt 100 plassar tatt - tre månader før skulestart. Rektor Sven Wågen Sæther synest det har vore nokre vanskelege år etter pandemien. – Vi har spissa reiseskulen, og vil konkurrere med dei som reiser åleine. Då får meir innhald og oppleving om du reiser førebudd saman med ein skule, meiner Wågen Sæther.

Ålesund folkehøgskule
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK