NRK Meny

Småbåt køyrt på land

Båtføraren kom ikkje til skade, men båten har fått skadar i kjølen, etter at ein småbåt køyrde seg opp på land ved Standkleiv på Godøya i Giske i natt. Ambulanse og politiet rykte ut etter at dei fekk melding om at ein båt hadde gått på land. Dei fann båtføraren sovande i båten. – Naudetatane fekk avklart at han hadde vore åleine i båten, og at han ikkje var skadd, seier operasjonsleiar John Bratland til NRK. Føraren var rusa, og politiet opprettar vanleg etterforsking av saka, seier Bratland.

Laster kart, vennligst vent...