Hopp til innhold

Slik fann Malin (33) julepakkane strødd midt på natta

Malin Olsvik Wollstad er sjokkert over at dyrebare julegåver ikkje blir passa betre på. Utanfor bensinstasjonen fann ho pakkar til folk frå fleire bygder strødd.

Det er mange som ventar spent på julegåver i posten no like før jul. Men nokre av pakkane kan vere med på litt av ein rundtur før dei når heim til rett mottakar.

Då Malin Olsvik Wollstad kom frå fest natt til laurdag og såg alle pakkane som låg på bakken utanfor bensinstasjonen fekk ho hakeslepp.

– Eg fekk litt sjokk. Dersom folk bestiller julegåver som kostar litt så er det sjukt at det blir liggande utanfor bensinstasjonen, seier ho.

Synet av pakkane gjorde at ho og systera stoppa bilen og gjekk ut for å sjå nærare. Der fann dei fleire pakkar med namn ho kjenner frå området.

Malin Olsvik Wollstad

Malin Olsvik Wollstad er ikkje fornøgd med måten pakkane var strødd utanfor den lokale bensinstasjonen i helga.

Foto: privat

– Særdeles overraska og skuffa

Pakkane på bakken var på veg frå avsendarar over heile landet til mottakarar i Haram på Sunnmøre. Varene var bestilt via Helthjem, og med Polaris Distribusjon som ansvarleg for leveringa.

Regionleiar Geir Follestad i Polaris beklagar det som har skjedd og seier dei no går gjennom rutinane.

– Eg er særdeles overraska og skuffa over at pakkane låg opne på denne måten. Enten det er julegåver eller andre ting skal folk kunne kjenne seg trygge på at pakkane deira blir trygt handtert, seier Follestad.

Follestad seier den ansvarlege sjåføren har lagt seg flat, og at saka får eit internt etterspel. Pakkane skal ha ligge utanfor bensinstasjonen om lag ein time, før dei blei plukka opp og sendt vidare. Han kjenner ikkje til at nokon har mist noko som følgje av hendinga.

Geir Follestad

Regionleiar Geir Follestad i Polaris beklagar det som har skjedd.

Foto: privat

Pressesjef Marius Evensen i Helthjem stadfestar at pakkeleveringa er klart brot på rutinane.

– Vi forstår at folk reagerer, det er veldig kjedeleg med slike saker. Sjåføren har nok ikkje kjent godt nok til rutinane og vore uheldig, seier Evensen.

Han seier selskapet sjølve tek deler av ansvaret for manglande opplæring.

Ikkje første gongen

Marius Mauseidvåg driv bensinstasjonen der pakkane var strødd. Han seier alle pakkane skal låsast inn i ein plastboks utanfor bensinstasjonen før dei blir vidaresendt. Han veit ikkje kva som har skjedd, men seier det ikkje er første gongen dette skjer.

– Det er så klart uakseptabelt, seier han.

Det blir no sett opp ein ekstra boks for å sørge for at det er god plass til alle pakkar før jul.

Skjermdump frå Facebook

Dette innlegget la Malin Olsvik Wollstad ut på Facebook laurdag morgon.

Foto: Skjermdump frå Facebook

– Ikkje rart folk misser pakkar

Dagen etter Malin Olsvik Wollstad såg pakkane låg strødd, la ho ut eit Facebook-innlegg der ho fortalde kva som hadde skjedd.

Her skriv ho mellom anna at pakkane såg ut for å ha blitt slengt frå seg, og at ho ikkje synest det er rart om pakkar forsvinn på denne måten.

No håper ho det ikkje skjer igjen.

– Det kan ikkje vere slik, eg håper at rutinane blir betre, for dette er ikkje greitt, seier ho.