Hopp til innhold

Slengt opp i lufta

Bilen til dei tre omkomne kvinnene blei slengt 2,46 meter opp i lufta under kollisjonen i Blindheimstunnelen.

Det viser rapporten frå Vegvesenet.

Overingeniør Tomasz Mleczko blei kalla ut rett etter dødsulykka og kom til staden ein times tid etterpå.

Han seier bilen med dei tre avdød blei stoppa nesten momentant og slengt tilbake til tunnelveggen.

Forsvararen til den tiltalte kvinna, Reidar Andresen, stilte spørsmål om friksjonen på vegbana på ulykkesdagen.

Det var våt vegbane inne i tunnelen då ulykka skjedde. Overingeniør Mleczko forklarte i retten at ingen av undersøkingane dei gjorde tyda på at vegbana skulle vere glatt som følge av dette.