Hopp til innhold

Slåssing i Ålesund sentrum

Natt til fredag blei det meldt om slåssing mellom fleire personar ved St.Olavs plass i Ålesund sentrum. Nokre av dei involverte sprang frå staden, men politiet kom likevel i kontakt med to av dei involverte. Dei har status som vitne og fornærma. Den mistenkte forlet staden før politiet kom fram. Bakgrunnen for basketaket skal vere at den mistenkte ikkje ville betale for kioskmat. Politiet kjenner identiteten til vedkomande. Fornærma er eigar av kiosken. Det er ingen som har behov for helsehjelp etter hendinga.