Hopp til innhold

Slår fast at dronenekt var rett under prinssebryllaup

Politidirektoratet slår fast at politiet med rette kunne nekte Dronemagasinet å flyge med drone under prinsessebryllaupet i Geiranger.

I samband med bryllaupet blei det innført eit midlertidig forbod, og brudeparet sjølve ønskte ikkje droner i lufta. Etter ei konkret vurdering fekk likevel NRK og TV2 løyve, mot å dele bilda med andre medium.

Dronemagasinet ville flyge sjølv, og viser i klagen til at dei ønskte å sjå korleis andre droneoperatørar opererte i lufta og korleis politiet utøvde makt og mynde på området.

I vedtaket frå Politidirektoratet heiter det at omsynet til tryggleiken er det viktigaste.

Prinsessebryllup i Geiranger
Foto: Tore Ellingseter / NRK