Syting
I sendingane våre tidlegare idag hevda tillitsvalt for bønder i søre Fræna, Ole P. Nøsen, at det krise i kjøtsamvirket etter slakteristriden. Men Arnfinn Grüner avviser dette som syting, og seier at han ikkje kjenner seg igjen i påstandane.
-Det er ikkje noko krise i vårt distrikt, og ikkje ellers på Nordmøre, seier leiaren for mjølkeprodusentane i Sunndal.
Han meiner bøndene i Fræna heller burde fokusere på kvifor slakteriet i Molde blir lagt ned. Det er for å spare pengar, og dette bidrar til betre økonomien for bøndene, seier Grüner.
Tøffe krav om effektivisering
Grüner hevdar at slakteriet i Ålesund blei berga istadenfor Molde fordi sunnmøringane gjorde ein betre jobb i forkant, og han avviser at slakterisaka er ein trussel mot samholdet i kjøtsamvirket. Han viser til at sidan han starta som bonde i Sunndal i 1988, har det vore lagt ned fleire slakteri og meieri på Nordmøre.
Grüner seier at dette er prosessar som pågår heile tida og kjem til fortsette i framtida. Det blir mindre slakt og meir importkjøt, og difor vil krava til effektivitet bli skjerpa, meiner han.
Dømd til å mislykkast
Arnfinn Gruner seier at ingenting er så øydeleggjande som intern strid og han meiner bøndene i Fræna må akseptere vedtaket om nedlegging.
Forsøk frå sinte og skuffa bønder på å starte eit eige slakteri i Molde trur han er dømd til å mislykkast.
Grüner seier marknaden er så knallhard at slike forsøk på å drive sjølve ikkje er liv lag. Etter eitt eller to år er det slutt, meiner han.
Grüner tilbakeviser at han mener dette fordi han ønskjer slakteriet i Molde nedlagt. Han reagerte sterkt då slakteriet blei foreslått nedlagt fordi han meiner det var meijningslaust å leggje ned eit slakteri som det er blitt brukt 40 millionar kroner på dei siste ti åra.
Men nedlegging blei til slutt resultatet, og det må bøndene akseptere, avsluttar Grüner.