Hopp til innhold

Slagsmål i Molde

Politiet rykte ut til trafikkterminalen i Molde by i natt fordi to menn skal ha slåst. Dei meiner det var ein mann i 30-åra som var valdeleg mot ein mann i 50-åra. Den fornærma blei tatt med til legevakt og vidare til sjukehus for undersøking. Den yngre mannen blei sett i arrest mens det blir oppretta straffesak.