NRK Meny
Normal

Tor Ole Skullerud er ny trenar i Molde FK

Den tidlegare U21-landslagstrenaren får den tøffe rolla med å fylle skoa til Ole Gunnar Solskjær.

Molde presenterte i ettermiddag sin nye manager, Tor Ole Skullerud. Han lover å bygge opp et trenerteam minst like godt som det Ole Gunnar Solskjær hadde.

Tor Ole Skullerud lovar å bygge opp eit trenerteam minst like godt som det Ole Gunnar Solskjær hadde.

Den nye hovudtrenaren vart presentert under ein pressekonferanse på Aker Stadion i Molde måndag ettermiddag. Tor Ole Skullerud (43) fortel at tilsetjingsprosessen har vore rask, men grundig.

– Eg er frykteleg glad for å vere på plass i Molde. Det har gått fort dei siste dagane, men vi har hatt ein grundig og god prosess.

Fall for fotballkulturen

Den nye Molde-trenaren meiner den nye klubben hans har eit godt grunnlag for han å jobbe vidare med.

– Eg kjem til ein stødig og flott fotballklubb som har tydelege ambisjonar for kva dei vil. Dei har ein toppfotballkultur som eg likar og fall for, seier han.

Skullerud fortel om sommarfuglar i magen overfor møtet med MFK, men seier at han føler seg godt motteken.

– Eg føler meg velkomen og ser at inntrykket eg hadde av klubben var akkurat som eg håpa på, seier han.

I fotspora til Solskjær

Under førre trenar Ole Gunnar Solskjær fekk Molde sine to første seriegull nokosinne, samt eit cupgull. Skullerud er audmjuk overfor rolla og prestasjonane han no skal føre vidare, men er tydeleg på at han kan halde på dei gode resultata.

– Eg trur vi kan utvikle oss endå vidare frå ein fantastisk periode i klubben med flinke folk og tung kompetanse, seier han.

No gler han seg til å kjent med spelarane, klubben og administrasjonen og ikkje minst kome i gong med jobben.

– Førstevalet

I ei pressemelding seier administrerande direktør Tarje Nordstrand Jacobsen at Skullerud var deira klare førsteval til å ta over for Solskjær.

– Skullerud står for ein fotballfilosofi som er nær opp til Ole Gunnar sine tankar. Derfor er dette også ein kandidat som Ole Gunnar tilrådde varmt overfor Molde FK.

Ole Gunnar Solskjær har vore hovudtrenar for MFK sidan 2011, men vart lansert som ny manager for Premier League-klubben Cardiff 2. januar 2014.

Nordlie om Skullerud

Tom Nordlie påpeikar at Skullerud har lite klubberfaring, men trur den nye MFK-trenaren har same leiareigenskapar som Solskjær. Sjå resten av kommentaren hans i videoen under.

Tom Nordlie kommenterer valet av Tor Ole Skullerud som hovudtrenar for Molde FK.

Intervju og foto: Andreas Hagen