Hopp til innhold

TV2: Solskjær blir ny Cardiff-manager

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær skal i følgje TV2 vere klar for managerjobben i Premier League-klubben Cardiff.

Molde-trener Ole Gunnar Solskjær smiler etter å ha vunnet cupfinalen.

Kan fjorårets cupfinalesiger vere noko av det siste vi har sett av Ole Gunnar Solskjær som Molde-manager?

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Solskjær skal i følgje TV2 ha vore ombord i privatflyet til Vincent Tan, eigar av fotballklubben Cardiff, som tok av frå Kverneberget flyplass i Kristiansund onsdag morgon. Han skal vere på veg for forhandlingar med klubben.

Det har lenge vore spekulasjonar kring Ole Gunnar Solskjær si framtid. Spekulasjonar som no kan sjå ut til å resultere i ein retur til England for kristiansundaren.

Truleg presentert før helga

Manchester United-legenda, som i jobben som manager for Molde FK har vunne to seriemeisterskap og eitt cupmeisterskap, har ikkje lagt skjul på at ein retur til England og Premier League har frista. Manageren har kontrakt med Molde fram til sommaren.

Etter det TV2 Sporten har kjennskap til vil Cardiff gjere seg ferdig med jule- og nyttårskampane før Solskjær blir presentert som ny manager for "The Bluebirds" frå Wales. Presentasjonen kan bli gjort allereie før Cardiff sin viktige tredje-runde kamp i FA-cupen mot Newcastle komande helg.