Hopp til innhold

– No må vi ta tida til hjelp

Åse Elisabeth Silseth frå Ålesund gøymde seg på ein bar under terroråtaket i Nice torsdag. Ho skulle etter planen starte guidefirma, men vil bruke tid til å tenkje seg om.

Åse Elisabeth Silseth

Åse Elisabeth Silseth har budd i Nice i eitt år. Planen var å starte eit guidetilbod for tuistar. No må ho vurdere kva ho skal gjere.

Foto: privat

Åse Elisabeth Silseth er ei av mange tusen som møtte opp torsdag kveld for å sjå fyrverkeri og showet i samband med feiringa av nasjonaldagen. Sidan ho har sett dette fleire gongar før, valde ho å stå i ei sidegate og ikkje på promenaden. Ho og venane gjekk til ein uterestaurant ei lita stund før fyrverkeriet var slutt, for å unngå folkemengdene som skulle tilbake til byen. Då det plutseleg kom stormande 60–70 menneske inn i restauranten og velta stolar, bord og knuste glas i panikk, forstod ho at noko var feil.

– Dette er langt frå feststemte folk. Dette er noko utan om det vanlege, tenkte Silseth.

LES OGSÅ:

Trudde det var fyllekøyring

Ho og dei andre gjestane vart dytta inn i barlokalet og dørene vart stengt med bord og stolar framføre. Silseth forstod ikkje kva som skjedde, men høyrde stemmer som ropte gun, gun.

Ålesundskvinna følte seg trygg der ho stod, og var raskt ute med å melde frå til familie og vennar om at ho var i tryggleik. Baren hadde fjernsyn, og det var først då bileta byrja å rulle på skjermen, at ho forstod at det var snakk om terror. I starten var det mange som trudde at lastebilsjåføren hadde fyllekøyrt.

– Vi ante ikkje at det var nedslakting av folk i gata bak oss, seier Silseth.

Starte guidefirma

Ho og mannen Marius Silseth skulle etter planen etablere eit guidefirma i Nice. Åse Elisabeth har budd i Nice det siste året for å bygge opp firmaet. Silseth ynskjer ikkje at terroren skal stoppe planane, men er usikker på korleis det blir.

– Det er ikkje fritt for at eg tenker på korleis dette skal gå framover. Ein skal heller ikkje vere så tom for kjensler at ein seier at terroren ikkje skal få vinne over meg, seier Silseth.

Ho seier at ho må bruke tid på å vurdere kva dei skal gjere.

– Det kjem ein kvardag att og folk må fortsette å leve, seier Silseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL