Hopp til innhold

– Instinktet mitt var å springe vekk

Synnøve Følsvik Lyshol og familien er på ferie i Nice og enda midt i dramaet. – Vi hadde flaks, fordi vi var veldige nære, seier Lyshol. Ho stod berre fem meter unna terrorbilen.

Synnøve Følsvik Lyshol og Bengt Ronny Lyshol er på ferie i Nice. Synnøve stod like ved den hvite bilen, da hun hørte ropene. Da startet marerittet.

VIDEO: Ekteparets ferie ble raskt forvandlet til et mareritt.

Minst 84 er døde etter terrorangrepet i Nice torsdag kveld. Fleire nordmenn var i området for å sjå fyrverkeriet på nasjonaldagen.

Synnøve Følsvik Lyshol frå Sykkylven skulle krysse gata då ho høyrde hyling og skriking. Familien på fire hadde sett på fyrverkeriet og Lyshol var på veg tilbake til ferieleilegheita, som ligg ved promenaden. Ho stod på fortauet rett ved den kvite bilen som starta å køyre, men skjønte ikkje at bilen hadde noko med oppstyret å gjere.

– Folk sprang og eg høyrde smell, men var usikre på kva det var. Eg starta også å springe, fortel Lyshol.

Dei fortel at dei så barn falle ut av barnevogner og eldre i rullstolar, og at det var forferdelege scener.

LES OGSÅ:

Synnøve Følsvik Lyshol og Bengt Ronny Lyshol i Nice

Paret er fredag tilbake utanfor leilegheita der dei skjulte seg da terroren råka.

Foto: Mari Reisjå / NRK

Tenkte terror

Ho tenkte terror med ein gong. Tanken hadde slått henne tidlegare på dagen, då det var samla så mange folk i paraden.

Lyshol såg ikkje at folk vart påkøyrde, men instinktet hennar var å springe så fort ho kunne for å kome i tryggleik. I gangen til leilegheita hadde folk søkt ly, og pressa henne slik at Lyshol ikkje kom seg inn døra. Ho visste at ektemannen Bengt Ronny Lyshol framleis var ute på gata. Dottera og kjærasten var allereie i leilegheita.

– Folk hylte utanfor og banka på. Eg stod paralysert og visste ikkje kva eg skulle gjere, seier Lyshol.

Ho fekk auge på mannen som stod utanfor, men fekk beskjed frå dei andre om å ikkje opne opp døra. Ho fekk forklart at han budde der og måtte få sleppe inn.

Synnøve Følsvik Lyshol og Bengt Ronny Lyshol i Nice

Paret måtte diskutere med politiet for å komme tilbake inn i leiligheten. Den ligger innenfor sperringene.

Foto: Mari Reisjå / NRK

Hadde flaks

I etterkant meiner ho at familien hadde flaks, fordi dei var så nær terroråtaket.

No i morgontimane står politiet utanfor leilegheita, fullt væpna, og i heile natt har familien høyrt sirener.

– Vi skal etter planen vere her til tysdag, men har lyst heim. Eg tør ikkje gå ned på strandpromenaden der vi har sola oss og slappa av, seier Lyshol.

Synnøve Følsvik Lyshol og Bengt i Nice

Til slutt fikk ekteparet dra tilbake til leiligheten de leier.

Foto: Mari Reisjå / NRK