Oppdrettstorsk til ein verdi på over ein million kroner er drepen på Branco AS sitt anlegg på Brandal i Hareid kommune.
Torsken døydde over natta og selskapet meiner eit seismikkskip som var i Breisundet kan ha skulda.
- Tragisk
- Dette er heilt meiningslaust, seier administrerande direktør i Branco, Per Sture Mork.
- All denne fisken skulle slaktast i september, men i dag tidleg fann eg den flytande og daud.
Mattilsynet og fiskeridirektoratet har undersøkt anlegget og slår fast at fisken døydde svært brått.
Mork meiner at den einaste løysinga på fiskedøden er at eit seismikkskip i området har skremd torsken.
Avviser påstandane
- Eg kjenner meg ikkje att i denne framstillinga, seier fiskerikyndig ombord i seismikkskipet Toysa Vigilant, Ivar Taranger.
Taranger avviser at skipet har drive seismisk skyting i området, og seier at dei har venta på delar for å kunne segle ut til det området dei er tildelt å skyte i.
- Me har ingenting å skjule, seier Taranger.
- Denne påstanden er tatt ut frå lause lufta, seier han.
Gjer seg ikkje
Men administrerande direktør i Branco, Per Sture Mork meiner at det er ugler i mosen.
- Me har opplysningar som tyder på at skipet har testa utstyr i fjorden, seier han.