Hopp til innhold

Medan du må sitte heime får desse feire 17. mai

Mange stader er barnetoga avlyst på 17. mai. Men det hindrar ikkje skular og barnehagar å feire. Dei tar festen på førehand.

Feirar 17. mai 12. mai i Kristiansund

Ved Allanengen skole i Kristiansund var stemninga så god at mange av barna trudde det var sjølve nasjonaldagen på ordentleg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Noha Hamzaoui

For Noha Hamzaoui gjer det ingenting å feire 17. mai fem dagar før tida. Ho meiner det uansett er betre enn fjorårets feiring.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Hipp, hipp, hurraaaaa, ropar barna frå Allanengen barneskole i Kristiansund. Fem dagar før nasjonaldagen er det barnetog, flagg, bunader og leikar.

– Det er betre enn i fjor. Vi får i alle fall feira sjølv om det er på ein annan dato, seier Noha Hamzaoui.

Toga er langt frå like store som dei brukar på grunn av smittevern, men stemninga er på topp.

Nordlandet skole i Kristiansund feira 17. Mai allereie 12. mai

Også ved Nordlandet skole i Kristiansund gjekk barna i tog i dag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Skummelt med tale

To som var nervøse i dag var Margrethe Brandshaug Flatøy og Ingeborg Linvåg Hermundsli. Dei to bunadkledde 7.-klassingane skulle halde 17. mai-tale. Og dei synest det er verre å stå framfor skulen enn om alle i nabolaget skulle høyre på.

– Det er ikkje skummelt å gjere det framfor framande, men det er verre framfor dei ein kjenner, seier Ingeborg.

Ingrid Nordskag tar bilde av barnebarn som feirar 17. mai på førehand

Ingrid Nordskag står på sidelinja og tar bilete av barnebarna.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ei og anna bestemor eller foreldre står i vegkanten og ser på. Ingrid Nordskag har fire barnebarn å fylgje med på. Mobilen er sjølvsagt framme så ho kan forevige den spesielle 17. mai-feiringa.

– Eg er veldig stolt. Både over landet og barnebarna. Eg er glad for at dei får feire. Vi får gjere det beste vi kan, seier Nordskag.

17. mai på førehand ved Allanengen skole i Kristiansund

Sjølv om det norske folk ikkje får feire på tradisjonelt vis får barna feire i sine eigne kohortar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Viktig med feiring

Helge Kruse er medlem i 17. mai-komiteen i Kristiansund. Han meiner det er viktig at barna får feira.

– Ungar gløymer fort. Det er andre 17. mai dei går glipp av. Det er ein del av danningsreisa vi har som barn å oppleve 17. mai, seier Kruse.

Han får støtte frå rektor Elin Levinsen Lyngstad. Ho meiner barna har behov for å ha noko å glede seg til.

1. og 2. trinnet har aldri gått i 17. mai-tog med skulen før på grunn av korona.

– Ungane trudde nesten det var 17. mai i dag, ler Lyngstad.

Heldige naboar fekk bli med

Ferdinand barnehage i Sørreisa feirar 17. mai på førehand

Ferdinand barnehage inviterte også naboane til feiring.

Foto: Malin Straumsnes / NRK

Også Ferdinand barnehage i Sørreisa i Troms og Finnmark har gått i tog. Hanna Estensen var berre eitt år då Noreg kunne feire nasjonaldagen med store folketog og samlingar på skular og grendehus. No har ho blitt tre år og synest det er gøy å feire på koronamåten.

– Det artigaste var å treffe folka, seier Hanna. Alle naboane fekk nemleg vere med på feiringa. Dei stod langs vegen og flagga.

FUS Lindtjønn barnehage i Kristiansand feira 17. mai på førehand

I Kristiansand måtte regntøyet på i dag.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Også i Lindtjønn barnehage i Kristiansand var det tog. Der spelte ikkje vêrgudane på lag, så regntøyet måtte på.

Og elevane ved Mosby oppvekstsenter i Kristiansand feira dagen med svampekast på læraren og tradisjonelle 17. mai-leikar.

Læraren var utkledd i russedress.

17. mai-leker for elevene ved Mosby oppvekstsenter i Kristiansand.

17. mai-leikar høyrer med. Ved Mosby oppvekstsenter i Kristiansand hadde lærar Marit Røiseland kledd seg i russedress, sidan ingen ekte russ kunne delta i feiringa saman med barna.

Foto: Sigurd Schaathun / NRK

Gler seg til neste år

Heller ikkje i Høyanger i Vestland ville barna gå glipp av 17. mai-feiringa. Dei hadde si eiga feiring 10 dagar før nasjonaldagen og laga god stemning i gatene.

Og sjølvsagt fekk sjukeheimen også besøk. Barna song nasjonalsongen medan bebuarane vinka frå altanen.

– Eg håper at neste år blir vanleg. At vi kan gå i eit stort 17. mai-tog og alle skrik høgt, seier Leander Hukset Marifjæren.

Feiring av 17. mai på førehand i Høyanger

I Høyanger feira barna 17. mai for nokre dagar sidan og skapte god stemning i gata.

Foto: Oddmund Haugen / NRK