Hopp til innhold

Skonnerten «Ideal» av Kristiansund tek form

Ho er bygd av tre som dei har hogd sjølv. Eigarane av den 120 fots lange skonnerten «Ideal» av Kristiansund sette torsdag på plass den siste planken.

Det starta som ein uoppnåeleg draum, og vart eit formidabelt soloprosjekt for eit par som ikkje gir opp. I dag feira seglskutebyggeren i Kristiansund ein milepel: Siste planke i det 120 fot lange skroget.

SJÅ TV-REPORTASJEN: Skonnerten «Ideal» av Kristiansund begynner å ta form.

Skonnerten Ideal av Kristiansund

Dugnadsgjengen feira med ein velfortent skål etter å ha banka på plass den siste planken i skonnerten torsdag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det starta som ein uoppnåeleg draum og vart eit formidabelt soloprosjekt for eit par som ikkje gir opp. Torsdag feira seglskute-byggaren i Kristiansund ein milepæl: Etter fem års arbeid vart den siste planken banka inn i det 120 fot lange skroget.

– Det er rart å sjå kor store dimensjonar vi faktisk jobbar med, seier prosjektleiar Kari Moe Sundli om skuta som er ein tru kopi av dei tradisjonelle klippfiskskonnertane som før sigla frå Kristiansund og ut i verda.

Alt treverket i seglskuta har blitt hogd av dei som er med på å bygge båten. Det er eit enormt prosjekt for paret med ein draum om å ha sin eigen flytande leirskule. Men med litt støtte frå gode hjelparar nærmar dei seg målet steg for steg.

  • Sjå også TV-reportasjen som gjekk i Norge Rundt:
Ein gutedraum er i ferd med å ta form i Kristiansund. Ein draum på 120 fot og laga av tre. Det er eit utruleg prosjekt Rune M.Torgeirson har gitt seg i kast med når han vil gjenskape ein av klippfiskskonnertane i byen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL