Hopp til innhold

Skaper transportproblem for funksjonshemma

Møre og Romsdal har den nest dårlegaste transportordninga for funksjonshemma her i landet.

Illustrasjonsbilde rullestol

I Møre og Romsdal er det sett av 2.480 kroner i gjennomsnitt per brukar per år i transportordninga. For Oslo som ligg på topp, er tilsvarande beløp på 25.500 kroner (Foto: ILLUSTRASJON).

Foto: Bø, Gro / SCANPIX

Det viser ei underøking som Norges Blindeforbund har gjennomført.

Ifølgje fylkessekretær Jan Erik Andreassen gjer dette det vanskeleg for funksjonshemma å leve eit tilnærma normalt liv.

– I dag er det folk i Møre og Romsdal som berre får seg ein eller to turar til kommunesenteret dersom det er store avstandar mellom der og staden dei bur. Det er eit katastrofalt dårleg tilbod slik det er i dag, seier Andreassen.

Oslo på topp

Ifølgje ei undersøking Blindeforbundet har gjennomført er det berre Oppland som har ei dårlegare ordning. I Møre og Romsdal er det sett av 2.480 kroner i gjennomsnitt per brukar per år. For Oslo som ligg på topp, er tilsvarande beløp på 25.500 kroner.

Vil vise den dårlege ordninga

Rammene vert lagt av staten, men fylka disponerer midlane på forskjellige måtar. Blindeforbundet har vore i møte med både stortingspolitikarar og samferdselsutvalet i fylket. No håpar forbundet på betre rammevilkår i statsbudsjettet som vert lagt fram neste veke.

– Staten gir totalrammene for denne ordninga i statsbudsjettet, men mange hensyn og mange grupper skal også ha dekt sine behov. Vi tykkjer i alle fall at ordninga er urettferdig slik den er i dag, og vil prøve å vise det til politikarane, påpeikar Andreassen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL