Hopp til innhold

Skal lære å programmere robotar

Fem ungdomsskular i fylket får frå hausten koding eller programmering som valfag.

Programmering

– Å lære å kode gir elevane nye metodar for programløysing, meiner kunnskapsministeren.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Pilotprosjektet med programmering som valfag startar skuleåret 2016–2017. I landet er det 146 skular som skal ha dette tilbodet, og fem av skulane er i Møre og Romsdal.

Ulstein ungdomsskule

Elevane i Ulstein er mellom dei som får tilbod om det nye valfaget.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det er elevar ved Surnadal ungdomsskule, Ulstein ungdomsskule, Rindal skole, Skodje ungdomsskule og Sula ungdomsskule som får dette valet her i fylket. Prosjektet varer til og med skuleåret 2018–2019.

Tidleg innføring

– Programmering blir stadig viktigare å kunne, og no legg vi til rette for at fleire kan lære å kode allereie på ungdomsskulen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Pilotprosjektet startar skuleåret 2016-2017 og varer til og med 2018-2019, seier Torbjørn Røe Isaksen.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Ifølge statsråden har det vore stor interesse frå både skular og lærarar om å få bli med i ordninga.

I det nye valfaget skal elevane mellom anna lære korleis datamaskiner og ulike dataprogram fungerer. Dei skal og få opplæring i programmeringsspråk og deira bruksområda.

Mellom anna kan elevane få i oppgåve å programmere eigenutvikla robotar, og å lage enkle dataprogram eller animasjon.

Røe Isaksen seier at faga skal bli meir relevante og motiverande når dei no tar koding, spelprogrammering og 3D-design inn i skulen.