NRK Meny

Skadd etter kjedekollisjon

Politiet opplyser at kollisjonen i Ørsta skjedde ved at ein bil ikkje klarte å stoppe og køyrde difor rett inn ein bil som stod stille. Dette førte til ein kjedekollisjon mellom dei fire bilane som stod etter kvarandre. Føraren av den bilen som først vart treft hadde nakkesmerter og blei sendt til sjukehus for sjekk. Ein bil som kom i motsett retning blei treft av bildelar og fekk materielle skadar. Sak vert oppretta mot føraren som var årsak til ulykka, ein mann i 20-åra.