Hopp til innhold

Sjukepleiar stal tablettar

Ein sjukepleiar i Helse Møre og Romsdal stal 3100 tablettar frå arbeidsplassen. No kan ho misse løyvet til å arbeide vidare som sjukepleiar.

Tabletter

Illustrasjon: I ein periode på nær tre år, skal sjukepleiaren ha forsynt seg av tablettar frå arbeidsgivaren.

Foto: Julija Sapic / Colourbox

Det var helseføretaket sjølv som i mars varsla frå til Fylkesmannen om at tabelett-tjuveriet var oppdaga.

– Interne kontrollrutinar avslørte vedkomande, seier fagdirektør i helseføretaket, Odd Veddeng til NRK.

Det var rutinemessig kontroll frå apotek til seksjonen ved sjukehuset der sjukepleiaren jobba, som avdekte uttaket av tablettane.

Odd Veddeng presiserer at dette er ei intern personalsak, men at vedkomande ikkje lenger er tilsett i helseføretaket.

Vedkomande har brukt legemidla privat, og saka skal ikkje ha gått utover pasientar.

Odd Veddeng

Fagdirektør Odd Veddeng ved Helse Møre og Romsdal stadfester at sjukepleiaren ikkje lenger arbeider i helseføretaket.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Tilsynssak

Gjennom tilsynssaka er det stadfesta at sjukepleiaren har forsynt seg med vanedannande legemiddel frå arbeidsgivaren. Sjukepleiaren har også vedgått tjuveriet.

Ifølgje varslinga som Fylkeslegen har hatt til vurdering, går det fram at det dreiar seg om i alt 1600 tablettar Imovane 7,5 mg og 1500 tablettar Paralgin Forte/ Pinexs Forte.

– Bestillingslister vi har tilgang til per i dag viser at det er bestilt fra oktobr 2012, men ett jevnt uttak i 2013 og 2014, men en økning fra januar 2015., heiter det i varslinga.

Helsetilsynet vurderer

Saka er ikkje meldt til politiet, og det blir no opp til Statens helsetilsyn å vurdere kva som skjer vidare med løyvet til å drive som sjukepleiar for vedkomande.

– Helsetilsynet kjem med sine reaksjonar, og vil informere eventuelt andre arbeidsgivarar om forholdet, seier Veddeng.

Tilsynet har eigne lister over tilsette i helsevesenet som er tekne for tjuveri av legemiddel.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL