Hopp til innhold

Sjukehuskampen held fram

Striden om eitt eller to sjukehus på Nordmøre og i Romsdal held fram. Helseforetaket fryktar at motstandarane skal forseinke bygginga av det nye sjukehuset i Molde.

Sjukehus på Øvre Eikrem
Foto: Fotomontasje: Helse Nordmøre og Romsdal

Etter plana skal det nye sjukehuset stå ferdig i 2013. Men det kan ei aksjonsgruppe sette ein stoppar for. "Folkeaksjonen ETT sjukehus" tel no 5 000 medlemmer og nektar å gje opp kampen.

 

 

 

 Ber om å legge ned våpna

Leiinga i Helse Nordmøre og Romsdal ber no aksjonsgruppa å slutte kampen. Det seier Helge Aarseth, styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal:

- No har det skjedd ei nødvendig avklaring både når det gjeld at det skal vere to sjukehus, og at lokaliseringa er bestemt. No må vi bruke kreftene på å realisere det nye sjukehuset, og slutte med omkampar.

- Vil aldri slutte å kjempe

Leiar for aksjonsgruppa, Per Gunnar Kroknes seier han og gruppa ikkje vil gje seg med det første:

- Det kjem vi aldri til å gjere. Dette er ein folkeaksjon, med kraftig støtte i befolkninga i Romsdal og Nordmøre. Å legge ned ein folkeaksjon mot maktarroganse blir ikkje aktuelt.

- Kva er hovudargumentet aksjonen har for berre eitt sjukehus?

- Det er at innbyggarane i Nordmøre og Romsdal skal ha det beste tilbodet på spesialhelsetenester. Det er vår agenda, seier Kroknes.

Forskingsrapport

Aksjonsgruppa vil få Sintef Helse til å analysere  kva alternativ som gjev det beste helsetilbodet. Denne rapporten kostar 300.000 kroner. Aksjonistane vil sjølv finasiere denne rapporten, men manglar 170.000 kroner. No ber dei motparten om hjelp, fortel Kroknes:

- Vi har inne ein søknad hos Helse Midt-Norge som skal behandlast 2. mai. Vi håpar at styret innser kor viktig det er å få denne rapporten, og at dei gjev dei pengane som manglar.

- Kor lenge vil de køyre løpet før de gjev opp?

- Vi gjev den dagen vi har køyrd løpet heilt ut og det er eitt sjukehus i Nordmøre og Romsdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL