Hopp til innhold

Sjokkert over kutt

– At Kristiansund må kutte inntil 90 stillingar dei neste to åra kjem som eit sjokk. Det seier hovudtillitsvald for Fagforbundet i kommunen, Målfrid Mork. Allereie neste veke blir det sett ned arbeidsgrupper som skal sjå på kutta. – Desse kutta har ikkje blitt drøfta med oss. Vi ønsker å vere med vidare i prosessen for å sjå på kva som er mogleg. Det er viktig at dei tilsette blir involvert, seier Mork.