NRK Meny

Sjøholtelevane set seg på bussen

10.-klassingane ved Sjøholt skule gjer alt dei kan for å kome seg til Italia. Norwegianstreiken set heile klasseturen i fare. No leiger skulen buss til Gardermoen for å sikre første etappe.

10. klasse ved Sjøholt skule

10. klasse ved Sjøholt skule gir ikkje opp håpet om å kome seg til Italia.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Artikkelen er mer enn to år gammel.

I to år har 30 elevar og foreldre jobba på dugnad for å samle inn om lag 200.000 kroner til klassetur til Italia. No heng flyturen frå Vigra til Gardermoen torsdag i ein tynn tråd på grunn av streiken i Norwegian. Elevane har førehandsbetalt både hotell og utflukter og dermed taper dei 100.000 kroner dersom dei ikkje reiser no. Berre flykostnadene blir refundert.

– Vi er løysingsorienterte og har bestilt buss til Gardermoen i kveld. Elevane får fri i formiddag for å dra heim å pakke, seier lærar Audun Rørstad. Det blir ca 50 mil i buss.

LES OGSÅ:

Ingen garanti

Aslaug Karola Mogstad og Maren Ramsvik Johansen

Aslaug Karola Mogstad og Maren Ramsvik Johansen pakkar til Italiaturen

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Sjølv om elevane kjem seg til Oslo er Italiaturen slett ikkje sikra. Det er eit Norwegianfly som skal frakte 10.-klassingane vidare til Roma torsdag morgon. Om det flyet går, veit ingen.

– Vi tar sjansen og håper at vi slepp å dra heim til Sjøholt med halen mellom beina, seier Rørstad.

Elevane er opprømte og spente, og kryssar fingrane for at flyet frå Gardermoen tar av slik det skal.

Mange er ramma

650 pilotar er tatt ut i streik frå onsdag morgon og alle innanriksflya er innstilte. Rundt 35.000 kundar er ramma. Det er datterselskapet Norwegian air Norway som er i streik. Dette selskapet har reiser innanlands og i Skandinavia.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.