Hopp til innhold

Sissel sang i Tomrefjord

 

Sissel Kyrkjebø, Tomrefjord

Sissel Kyrkjebø sang så det runga utover hallen ved STX OSV Langsten i Tomrefjord.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Med Ja, vi elsker og Å Vestland, Vestland tok Sissel Kyrkjebø Tomrefjord med storm.

Sangstjerna var hyra inn til å opptre under dåpsseremonien til eit nytt skip frå STX OSV Langsten.

Kyrkjebø sang frå eit podium høgt oppe, så det runga ut over heile hallen ved hjørnesteinsbedrifta i Tomrefjord.

Sissel Kyrkjebø

Pauseunderholdning utanom det vanlege for dei tilsette ved STX OSV Langsten i Tomrefjord i Vestnes.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Skipet som vart døypt går til eit japansk reiarlag. KL Saltfjord er verdas kraftigaste ankerhandteringsfartøy med ei trekkraft på 397 tonn. Skipet skal operere i Nordsjøen.

Fleire hundre industriarbeidarar og inviterte gjestar sette pris på å få oppleve Sissel Kyrkjebø synge den norske og den vestlandske nasjonalsangen.

Det var ein kort opptreden. Sissel kom, sang og forsvann.

STX Langsten, Tomrefjord

Bilferja Tresfjord, til høgre, blir lita i høve til det store skipet som skal til Japan.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL