Hopp til innhold

Sikta for å ha slått kona med vedkubbe og bite sonen

Ein mann i 50-åra blei pågripen fredag ettermiddag etter at han skal ha gått til angrep på kona si med ein vedkubbe. Sonen skal ha blitt biten i fingeren.

Molde

Både kona og sonen blei køyrde til legevakta ved Molde sjukehus fredag ettermiddag, etter at faren i huset skal ha gått laus på dei. Politiet fekk melding om situasjonen klokka 15.31.

Han er sikta for vald i nære relasjonar. Mor og son blei tatt med til sjukehus med ambulanse, dei var ikkje alvorleg skadde, men mor hadde sår som det blødde frå, seier operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr.

Sonen skal ha blitt biten

Det var kona sjølv som ringde til politiet og varsla, ho skal ha blitt slått med ein vedkubbe. Ein av sønene, ein tenåringsgut, skal ha blitt biten i fingeren av faren. Politiet veit førebels ikkje bakgrunnen for episoden.

Familievald er det desverre alt for mykje av. Her har det vore ein eskalert situasjon, og om han då har tatt det næraste han har funne er det uråd å svare på, seier Bergem Ohr.

Blir avhøyrde fredag kveld

Fredag ettermiddag er kona og sonen framleis på legevakta, den pågripne mannen sit i arrest ved Molde politistasjon. Politiet har planar om å avhøyre alle tre i løpet av kvelden.