Hopp til innhold

Sigrid takka Sunnmøre

Publikum lot vente på seg på Sommerfesten på Giske - men det var før Sigrid entra scena på heimebane.

Sigrid Raabe

Sigrid Raabe frå Ålesund har opplevd ein formidabel suksess i 2017. Under Sommerfesten på Giske var ho tilbake for å synge for sitt heimepublikum.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Publikum lot vente på seg - men det var til Sigrid entra scena på heimebane.

Det var ingen Marcus og Martinus-effekt på Giske i år, men då Sigrid kom heim blei det likevel trongt ved scenekanten. Og publikum var tydeleg fornøgd med det som kom frå scena.

Hovudpersonen sjølv var også veldig glad for å vere på Giske.

– Det kriblar faktisk fortsatt i magen. Det kribla då eg køyrde ned hit til festivalplassen, sa Sigrid før konserten.

Sommerfesten på Giske

Sigrid Raabe var det store trekkplasteret under Sommerfesten på Giske laurdag.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Stolt av heimplassen

– Det beste med å vere heime på Sunnmøre er lukta av sjø. Og så frisk luft får du ingen anna plass. Sjølv ikkje i Bergen, kor eg bor no, er lufta så god.

Dagen før konserten tok Sigrid med seg resten av bandet på biltur, for å vise fram Sunnmøre.

– Dei hadde allereie vore på Fjellstua, så då hadde dei sett litt av byen på eigahand.

– Vi køyrde ut til Alnes. Sjøvsagt. Den klassiske turen som alle tar, og legg ut bilete av på Instagram, seier ho med eit smil.

Sigrid Raabe

Publikum fekk sjå ei leiken Sigrid Raabe på scena på Sommerfesten.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Takka dei lokale kreftene

Etter dei to første songane på Sommerfesten stoppa Sigrid opp for å takke Sunnmøre for suksessen.

– Det er mykje takka vere Momentium og Ocean Sound Recordings eg står her no, og at eg kan få gjere det eg elskar mest i heile livet.

No nyt eg å vere heime i Ålesund. Verdas finaste plass.

Sigrid Raabe

Ho fortalde også at ho var i 40-års-dagen til Ante Giskeødegåd. Ein av gründerane bak Sommerfesten på Giske. Men så visste ho ikkje heilt kva ho skulle gi i bursdagsgåve.

– Eg tenkte at eg får heller skrive ei låt.

Den låta sang ho, framfor eit publikum som var heilt stille. Kun mjuk vokal etterfølgd av øyredøyvande applaus, då ho var ferdig.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL