Hopp til innhold

Sigrid skal på turné med Maroon 5

Artisten Sigrid Solbakk Raabe frå Ålesund skal spele med det amerikanske bandet Maroon 5 neste år.

Sigrid på scena under Jugendfest 2018

POPULÆR ARTIST: Sigrid Solbakk Raabe frå Ålesund er på veg mot nye høgder.

Foto: Jørgen Wear / NRK

Det er Sigrid som sjølv melder dette på Instagram.

Ho skal vere «special guest» under bandet sin «Red Pill Blues Tour» i Europa.

– Ser deg i juni, skriv Ålesund-jenta på Instagram.

Maroon 5 vann ein Grammy-pris for beste nye artist i 2005. Dei er mellom anna kjende for monsterhiten «This Love».

US-NCAA-MARCH-MADNESS-MUSIC-FESTIVAL-2018---DAY-3

POPULÆRT BAND: Maroon 5, her ved vokalist Adam Levine.

Foto: Michael loccisano / AFP

Jobbar med debutalbum

– Det er ein stor turné og store spelestadar. Sigrid får vist seg fram for eit stort publikum på dei jobbane ho skal gjere med Maroon 5, seier Kim Paulsen i Petroleum Records.

Sigrid har gitt fansen sin mange låtar på få år, men éin ting ventar dei tolmodig på, og det er debutplata. Med denne turnéen, vil Sigrid ha full timeplan framover.

– Det ligg mange planar i 2018 og 2019, både med albumet ho jobbar med og konsertar, seier Paulsen.

Slo gjennom i 2017

Sigrid Solbakk Raabe, som fyller 22 år onsdag, fekk sitt store internasjonale gjennombrot med hiten «Don't Kill My Vibe» i 2017.

Seinare vann ho BBV Music Sound of 2018-prisen.

Sigrid har også mellom anna hatt stor suksess med «Strangers», ein song som vart nummer ti på hitlistene i Storbritannia.

Nominert til MTV-pris

I sommar var Sigrid nominert i kategorien «Push Artist of the Year» under MTV Awards, men nådde ikkje heilt opp.

Tidlegare i år opptredde ho også under svært populære «The Tonight Show» med Jimmy Fallon.

Det amerikanske bandet Maroon 5 er på si side aktuelle med albumet «Red Pill Blues».

Bandet er for tida på turné i USA. Til vinteren går ferda vidare til Asia. I juni neste år er Maroon 5 på plass i Europa, og det er her Sigrid skal vere med.