Hopp til innhold

Bilete som dette held liv i bygda

Urke landhandel sto i fare for å bli lagt ned. No er underskot snudd til overskot. Bilete i sosiale medium er med å trekke folk til bygda og halde drifta i pluss.

To kvinneri turklær tar selfie på fjelltopp.

Anja Bendal og Charlotte Kalland Strand tek selfie på toppen av Saksa. 1000 meter under dei ligg bygda Urke, ei fjellbygd ved fjorden.

Foto: Linda Bakken / NRK

Omkransa av høge tindar ligg Urke, ei lita bygd i Hjørundfjorden på Sunnmøre. Her bur 36 fastbuande med sin eigen landhandel.

– Vi går med underskot åtte månader i året, fortel butikksjef Nina Prestegarden Vatne.

Ein rekneskap i pluss gjennom sommarmånadene, gjer at bygdefolket har tilgang til nærbutikk, drivstoff, post og apotek året rundt.

Kvinne utenfor butikk

Nina Prestegarden Vatne sa opp advokatjobb for å ta over Urke Landhandel.

Foto: Linda Bakken / NRK

Ho meiner blesten rundt gapahukar og sherpatrapper bygd av Saksa Turstiforening trekker folk til Urke. Når besøkande deler fine instragrambilete, får det ringverknadar.

– Instagram og flotte bilete frå fjella våre bergar bygda, seier Vatne.

Dei siste åra har stadig fleire fjellfolk vorte lokka til bygda. Samdrifta med butikk og campingplass gjekk med 39.000 kroner i underskot i 2013. I 2022 var overskotet på 572.000 kroner.

– Utan innsatsen frå Saksa Turstiforening, hadde det ikkje vore mange turistar her og ikkje liv i butikken, trur Vatne.

Frå advokat til usikker butikkdrift

Det er to og eit halvt år sidan Vatne sa opp jobben som advokat for å drive ein landhandel med usikre framtidsutsikter.

– Bygdefolket eigde aksjane i butikken. Eg sat i styret og vi hadde ingen til å drive vidare. Då tenkte eg dette var teiknet eg skulle ha for å gjere ei endring i livet, seier 47-åringen som bur i Ørsta, på andre sida av fjorden.

Kvinne ordner med varer i butikk

Nina Prestegarden Vatne sa opp advokatjobb for å ta over Urke Landhandel. Her er oppgåvene allsidige.

Foto: Linda Bakken / NRK

Lenge hadde ho følt på at ho hadde for lite tid til barna. Med opne auge aksepterte ho lønnsfall og bretta opp ermane for å berge butikken.

– Mor mi kjem frå Urke og eg har vore her mykje i oppveksten. Her hadde eg sjølv min første sommarjobb og eg er veldig glad i butikken. Det kjendest rett, seier ho og smiler.

No bur ho på Urke om sommaren og har dottera Vilde Prestegarden Vatne (18) med i arbeidsstokken. Medan vi pratar sel dei varer, handterer post, forklarar vegen til ein populær fjelltopp og tek betaling av gjester frå campingen.

Fullbooka hytter på campingplassen

– Inntekta frå campingplassen er avgjerande for butikken, forklarar Vatne.

Ei gruppe kvinner spiser frokost ved campingplass.

På finvêrshelger er det yrande liv ved Urke Camping. Her ei gruppe frå turgruppa Tindekvindene.

Foto: Linda Bakken / NRK

For nokre år sidan var Urke Camping ein stille stad. No er dei åtte hyttene ofte fullbooka og det er stor aktivitet på teltplassen. På finvêrshelger kan det vere vanskeleg å finne ledig plass.

– Det eksploderte! Plutseleg var det liv på campingen og fullt på parkeringsplassar ved fjellstiane våre. Alt endra seg så fort!

To voksne og et barn ved butikk.

Lokalbefolkning nyt godt av veksten sosiale media har gjeve bygda, fortel Svein Urke. Live Leknes (3) har fått ein is av mamma Emma Bønnemark.

Foto: Linda Bakken / NRK

Svein Urke gestikulerer med armane og smiler. Han vaks opp på Urke og er ivrig dugnadssjel, mellom anna gjennom Saksa Turstiforening. Dugnadsgjengen står bak sherpatrapper mot fjellet Saksa, samt gapahukane Bentebu og Egilbu.

– Vi bygde trapper og gapahukar i ei tid då bruken av facebook og instagram blomstra opp. Effekta var enorm. For tjue år sidan var det kanskje 150 personar som tok turen til Saksa i løpet av eit år. I 2022 var det om lag 12.000, og nokre tusen meir på Bentebu. Når folk deler bilete, trekker det stadig nye folk til oss. Det held liv i butikk, camping og pub.

Damer frå turfellesskapet Tindkvinder på tur til Saksa ein solskinnsdag i sommar.

Tilrettelagt med sherpatrapper

Urke tek ofte turen til fjells. No for å sjå til sherpaer i arbeid.

– Sjå kor bra det blir, seier han entusiastisk.

Turstiforeninga investerer i stien opp mot fjellet Saksa, 1073 meter over havet. Turen er tilgjengeleg for mange og gir fantastisk utsikt.

På toppen av Saksa er Merete Alsaker Flø og Hilde Fålun Strøm i ferd med å innta ein betre niste.

To damer spiser god mat på fjellet i tåka.

Merete Alsaker Flø og Hilde Fålun Strøm inntek ein betre niste medan det ventar på at tåka skal lette.

Foto: Linda Bakken / NRK

Skodda ligg tett bak dei. Med eitt vert det hol i skylaget. Damene jublar og Fålun Strøm spring bort til varden med flagg. Der poserer ho med ferja, fjorden og fjella bak.

Glad dame jubler på fjelltopp, fjord og fjell bak.

Hilde Fålun Strøm poserer ved varden på Saksa.

Foto: Linda Bakken / NRK

– Det er nett slike bilete som vert delt og lokkar folk hit, seier Urke.

Bygd for framtida

Tilbake i bygda er butikken ein naturleg møtestad.

– Vi kom oss ikkje heilt opp, seier Linnea og Joel Nedar. Tåka gjorde at dei snudde før toppen. Dei er likevel nøgde.

– Vi gjekk til Leknesnakken (526moh) i staden, det var kjempefint. No har vi bestemt oss for bli ein dag til. Det er fantastisk flott her, seier dei to.

Kvinne med barn ved butikk

Emma Bønnemark saman med barna Live (3) og Aaron (2) Leknes.

Kvinne og mann ved butikk.

Svenske Linnea og Joel Nedar trivast på Urke og blei verande i fleire dagar.

Familie ved butikk.

Matheo Rønning Stenes er målbevisst kunde når han skal handle is saman med bestemor Dorris Rønning, søster Sigrid Rønning Stenes og pappa Bjørn Helge Rønning.

Fire personer i butikk.

Svenske Linnea og Joel Nedar får fjellhjelpp frå Oda Elise Åkre Grimstad. I køen står Christina Plattner frå Austerrike.

Ter personer i butikk.

Butikksjef Nina Prestegarden Vatne saman med dottera Vilde Prestegarden Vatne. Sommarhjelp Oda Elise Åkre Grimstad bak

Turkvinner i gapahuk.

Damer frå turfellesskapet Tindekvindene tek ein rast ved gapahuken Bentebu.

Utsikt over fjell og fjord i sol.

Damer frå turfellesskapet Tindekvindene poserer for kvarandre ved Bentebu.

Ei rekke kvinner på fjelltur.

Tindekvinder på tur mot Saksa.

Folk på steintrapper høyt oppe i fjellet

Sherpatrapper leiar veg til Saksa, 1073 meter over havet. Ferdsel i fjellet gir liv til bygda Urke nedanfor.

Ei gruppe ungdommar på telttur.

For ti år sidan var det stille på Urke Camping. No er hyttene ofte fullbooka og på finvêrshelger står telta tett i tett.

Emma Bønnemark bur eit par kilometer unna. Ho og dottera Live (3) kjem innom for å kjøpe ein is.

– Tryggleiken ved å ha butikk med tenester så nært er ein viktig føresetnad for at folk kan bu her, meiner trebarnsmora.

For Nina Prestegarden Vatne er arbeidsdagen snart over.

– Kva tenker du om framtida?

– Det er sårbart, men fjella og ferdselen gir meg tru på framtida. Folk vil halde fram å komme hit. Eg trur bygda, butikken og campingen vil leve, smiler Vatne.

Kvinne bærer eske inn i landhandel.

Nina Prestegarden Vatne vil framleis ta i mange tak for butikken i framtida

Foto: Linda Bakken / NRK
Gjester, sommerstemning og dagens høydepunkt. Programledere: Julie Strømsvåg og Ida Yasin Andersen.

Gjester, sommerstemning og dagens høgdepunkt. Programledere: Julie Strømsvåg og Ida Yasin Andersen.