Hopp til innhold

Severin (1:12)

Uke 12 NRK1 mandag 16. mars kl. 20.15

Ein rastlaus og bleik 21-åring står på ein møbelfabrikk i Sykkylven og lengtar. Severin Rønes vil finne roa, og den finn han ikkje innandørs ved eit samleband og heller ikkje i byggefeltet. Han drøymer om jakt og fiske, om å styre tida si sjølv, om det gode liv - ikkje noko mindre. Og han gjer noko med det.

Severin

Severin Rønes

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Han seier opp jobben, og flyttar til den veglause familiegarden ved Storfjorden, eitt av mange småbruk som vart fråflytta på 60-og 70-talet. NRK har følgt han det tiande året han bur på Røneset, ein klassisk plass «der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Vi møter ein moderne einebuar med rask båt, tre motorsager og induksjonskomfyr, men som likevel veit å nyte kvardagen, gjeremåla og naturen i kring seg, minutt for minutt. Severin går inn for å leve det livet han lengta etter, anten han sagar ved, ryddar på låven, driv jakt og fiske eller berre speidar etter fugl i lia, kval i fjorden eller hjort på fjellet .

Han har jobb på eit fiskeoppdrettsanlegg lenger inne i Storfjorden annankvar veke, og treng ikkje skaffe levebrød på garden. På Røneset er det uansett nok å styre med. Han må halde gard og grunn ved like, sørge for at den vesle geiteflokken får mat og at villsauene klarer seg. Severin har alltid mange prosjekt på gang, og det er ikkje alt han absolutt må gjere. Stokken som kom drivande inn i fjæra, for eksempel, kan han bruke den til noko? Kanskje kan den bli ein fin portal, eller ein benk i naustet slik at det blir nok sitteplassar til neste fest?

I tolv episodar skal vi oppleve livet til Severin på Røneset, på fjorden og på fjellet. Fotografen Hans-Olav Landsverk frå NRK Møre og Romsdal har følgt han i stort og smått, og Kato Ådland har laga ny musikk til denne sakte-TV-serien.