Hopp til innhold

Sesongavslutning i Brulia

Søndag 21. november sendte NRK1 sjuande og siste episode av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» for denne gong.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

I den siste episoden av 'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu', møter vi Arnfinn Lislien og Marit Kvam.

No kan du laste ned episodane i full HD-kvalitet.

Last ned her: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu .

Held kulturlandskapet i hevd

I den siste episoden av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» tok Oddgeir Bruaset turen opp til Marit Kvam og Arnfinn Lislien. Dei er bønder i Brulia. Det er eit steinete småbruk i dei bratteste bakkane opp frå Rauma. Og sjølvsagt på den veglause sida av elva.

Marit og Arnfinn møttes på landbruksskulen med det felles mål, nemleg å verte bønder. Men i steden for å finne seg ein stor og lettdreven gard, valte dei eit brattlendt og steinete småbruk på den veglause sida øvst i Romsdalen.

Der i bakkene i Brulia er ljåen og riva framleis dei viktigaste reiskapane. Ekteparet Lislien likar nemleg å halde tradisjonane og kulturlandskapet i hevd.

Sjå også: Nett-TV kan du sjå alle episodane av sesong åtte og dei tidlegare sesongane av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Herlege personlegdomar

Den folkekjære programleiaren Oddgeir Bruaset har nok ein gong funne fram til herlege einstøingar og personlegdomar langt utanfor allfarveg.

I den åttande sesongen av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» fer Bruaset til den nedlagde flyplassen på Værøy i Lofoten, den veglause garden Aldal i Hordaland og han vitjar ei gamal husmannsstove på ein holme i havet, Svinøyna i Gulen. Bruaset finn også fram til den mest folketome havgrenda Hasfjord i Finnmark, ein av dei høgstliggande gardane i Noreg og dei einaste fastbuande på Nordre Sandøy i Hvaler.

Episode 6: Buddhisten på Hvaler

Tore Amarius har levd eit turbulent liv med rus, vald og havarerte forhold. Men då han vart buddhist, tok livet ei ny vending. No lever han, saman med kona og sonen, som dei einaste fastbuande på Nordre Sandøy på Hvaler.

Der har han og kona Lene prøvd å få ungdom med ein vanskeleg bakgrunn på rett kjøl. Men sommaren for tre år sidan hendte det noko dramatisk som skulle gjere livet til Tore vanskeleg.

Trass i dagar med is, isolasjon, slit og strev er Makø med all sin fred den beste heimstaden i verda.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Tore Amarius saman med kona Lene. Dei er dei einaste fastbuande på Nordre Sandøy på Hvaler.

Foto: NRK

Episode 5: Argehovd på Møsstrond

Dei lever på ein av dei høgstliggjande gardane i landet, og dei bur tre mil frå næraste bilveg. Anne Gro var høggravid då ho saman med Åsmund for meir enn tjue år sidan flytte til Argehovd på Møsstrond, slektsgarden hans.

Der har ekteparet Løvås levd av sauehald og turisme, og der har dei fostra to døtrer, som i alle skuleår måtte bu på internat. Verken foreldra eller jentene er lei seg for at dei valde Argehovd.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Anne Gro bur saman med Åsmund på garden Argehovd på Møsstrond. Der har dei fostra opp to døtrer.

Foto: NRK

Episode 4: Hasfjord i Finnmark

Else Juliussen frå den mest folketomme havgrenda Hasfjord i Finnmark er ei fargesprakande kvinne og ein miskunn samaritan. Ho har opna dørene sine for fyllikar og fattigfolk, og med sine varme hender har ho hjelpt både toføtte og firføtte som slit med plager.

Om sommaren tek ho alle dyra sine med seg på setra i Meltefjorden, der ho sjølv voks opp under dramatiske omstende. Der lærte ho også å lese. I mangel på skulegang skjedde det i ein alder av 15.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Else Juliussen kjem frå den nærmast folketomme havgrenda Hasfjord i Finnmark. Midtsommarstid reiser ho saman med alle dyra til barndomsheimen sin i Meltefjorden der ho vert til seine hausten.

Foto: NRK

Episode 3: Svinøya i Gulen

Ola Braanaas er rik, men han er ikkje som rikingar flest. Han bur åleine i ei ombygd husmannsstove på ein holme i havet, Svinøyna i Gulen. Han har brukt 35 milllionar kroner på å berge ein gammal handelsstad frå forfall, og han reknar ikkje med å få dei tilbake.

– Det er betre å bruke pengane på kultur, på noko som varer, enn å rote dei vekk på børsen, seier Braanaas.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Ole Braanaas er rik. Likevel bur han åleine i ei ombygd husmannsstove på ein holme i havet, Svinøya i Gulen.

Foto: NRK

Episode 2: Aldal i Hordaland

I førti år har ekteparet Margot og Per Bjørvik levd på den veglause garden Aldal i fjella nord for Bolstadøyri i Hordaland. Livsgrunnlaget har vore ein flokk sauer og ein suvenirfabrikk som Per har starta.

Varene blir frakta med taubane, medan dei sjølve tek seg fram på ein firehjuling etter ein humpete stig. No er Margot pleietrengjande, men Per står på og steller henne, for i Aldal aktar dei å bli.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Per og Margot Bjørvik gjer så godt dei kan for å greie seg på den veglause garden Aldal i fjella nord for Bolstadøyri i Hordaland.

Foto: NRK

Episode 1: Værøy i Lofoten

I 1990 omkom fem menneske i ei tragisk flyulykke på Værøy i Lofoten. Etter det vart den vérutsette flyplassen stengd.

Vel ti år seinare kjøpte Remi Johansen, ein ung mann frå Værøy, flyplassen og gjorde han om til heim.

Seinare har kjærasten hans også flytta inn, og no bur familien i terminalbyggjet, samstundes med at dama driv sjokoladefabrikk i botnen av flytårnet.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Remi Johansen og familien har busett seg på Værøy i Lofoten, og det på den stengde flyplassen.

Foto: NRK