Om Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Oddgeir Bruaset legger ut på tur for å finne mennesker som har valgt å leve livet på høyst uvanlige steder: en fjellhylle, et skjær i havet, en villmarksgrend eller en veiløs strand. I programmene kommer vi stadig til nye steder ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”, men der det like fullt bor folk, og der de trives og har det godt.

Kommende sendinger

NRK1, mandag 4.6.2012 kl. 02.40

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Norsk dokumentarserie. Tønnes Martin Dyrskog voks opp på ein veglaus gard ved Ørsdalsvatnet i Bjerkreim i Rogaland, men etter ei ulykke flytte han til ein annan avsidesliggjande gard, Røysland, i Lund kommune. Her fer han og kona med bil og traktor på ein skræmeleg gardsveg, og der det er for bratt og steinete for motorslåmaskinen, går han med ljåen. Bøane skal ikkje gro att, sjølv om han veit at han blir den siste brukaren på Røysland. (1:6)

NRK1, søndag 10.6.2012 kl. 20.45

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Norsk dokumentarserie. Ellen Marie Hansteensen har ei fortid som frilansjournalist, og ho har arbeidd for internasjonale fredsstyrkar i Midt-Austen. Men ein dag braut austlandskvinna med det hektiske livet ho levde og søkte stilla på Litløy fyr i Bø i Vesterålen. Her lever ho saman med to kattar, men no planlegg ho å starte turisme, slik at fleire skal få del i det paradiset ho har funne. (2:6)

Tidligere sendinger

NRK2, mandag 2.1.2012 kl. 21.30

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Norsk dokumentarserie. (6:6) Anne Vågen Skindalen lever i ein fjelldal på Hardangervidda saman med tre-fire kyr. Inntekta får ho gjennom å kinne smør og selje det til nærbutikken på Rauland - tre mil unna. Om vinteren køyrer ho skuter, om sommaren fer ho på firhjuling, før ho må leige mann med båt og bil. Vår og haust kan ho vere isolert i vekevis. Men i Skindalen vil ho vere alle sine dagar til endes.

NRK2, søndag 1.1.2012 kl. 00.00

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Norsk dokumentarserie. Yvonne og Ole Jacob Christensen driv småbruket Vikabråten i Vestre Slidre, og dei driv det slik det vart drive i mellomkrigstida. Dei har ikkje annan straum enn den dei får frå eit lite solcellepanel, og dei har ikkje annan veg enn ein tung og bratt kjerreveg. Hesten dreg brøyteplogen gjennom snøfonnene, jernplogen gjennom potetåkeren og sleden med høy den milelange vegen frå fjellstølen. (5:6)

NRK1, onsdag 28.12.2011 kl. 00.55

NRK1, lørdag 24.12.2011 kl. 01.05

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Norsk dokumentarserie. Ingvar Aabrek Klingenberg, bygut frå Trondheim, tidlegare museumsstyrar og kunsthistorikar, har slått seg ned i ei lita avsidesliggjande hytte på Hitra, der familien hadde feriestad. Han har ikkje innlagt vatn, han har ikkje veg fram til tunet, maten kokar han på grua, og det vesle han har av straum, får han frå eit solcellepanel. Men der sit Klingenberg og skriv litterære verk om kunsthistorie. (4:6)

NRK2, onsdag 21.12.2011 kl. 19.45

NRK2, lørdag 17.12.2011 kl. 17.00

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Norsk dokumentarserie. (3:6). Arne Bakke Mælen hadde odel på det avsidesliggjande småbruket Mælen i Jondal i Hardanger. Men bøane var bratte, og då han tok over, var husa til nedfalls. I staden for å drive jorda gjorde han tunet om til kunst- og kultursenter, med galleri, festlokale og verkstad. Sjølv er han kunsthandverkar som arbeider med tre, og som skjer imponerande bilete og dreiar makelause bollar.

NRK2, mandag 12.12.2011 kl. 23.05

Eldre sendinger