Hopp til innhold

Fårenkla fårelegg?

–– Ein sau vart frakta på ein noko kreativ måte under overfart på ferjesambandet Linge-Eidsdal i går kveld.

Sau på lasteplan

Sauen var tjora fast til bilen med eit tau som var festa mellom forbeina.

Foto: Privat

I går kveld tikka det inn eit bilde på innboksen til NRK Møre og Romsdal.

Bildet er av ein sau som er tjora fast på eit ope lasteplan. Den spesielle hendinga tok stad på ferjesambandet Linge-Eidsdal i Storfjorden i går kveld.

Slapp billett

Billettør Lars Ivar Ytterdal bekreftar hendinga.

– Eg spurte sjåføren "bil og éin då eller." Men det var han ikkje heilt med på, fortel Ytterdal.

Sjølv syntest han sauen såg ut til å ha det bra der han stod, og reagerte dermed ikkje nemneverdig på fraktemetoden.

– Sjølv har eg ofte sett utdaterte varebilar der sauene står som sild i tønne. Eg kan ikkje tenkje meg at det er noko betre for dyra, seier han.

Andre har fått meir eksklusiv transport, kan Ytterdal melde.

– Eg har opptil fleire gonger sett sauer på passasjersida av bilane. Ikkje i setet altså, men i dørken framføre, seier han.

– Ikkje forsvarleg

Seksjonssjef for Sunnmøre i Mattilsynet, Beate Lillebostad, seier at ein slik fraktemetode ikkje er forsvarleg.

– Vi har eit regelverk på dette, og det er ikkje er akseptabelt å frakte dyr fastbunde. Det skal vere ei kasse eller høge karmar slik at sauen ikkje kan ramle ut, seier ho.

På bildet kan det sjå ut som sauen har blitt bunden fast i halsen, men sjåfør og sauefraktar Ove Vegard Selboskar forsikrar om det ikkje var tilfelle.

–Tauet var festa mellom frambeina til sauen slik at vêren skulle stå trygt. Det lause tauet om halsen var meint som ei ekstra sikring, seier Selboskar.

Lillebostad kan vere einig i at det betre at ein sau er festa i bogen enn i halsen, men understrekar likevel at transportmetoden ikkje er god nok.

– Vi kjem nok til å gi eit pålegg om kva som skal skje framover. Eller rettare sagt, kva som ikkje skal skje framover. Mattilsynet har dessutan moglegheit for å melde saka til politiet, men i første omgang er nok eit pålegg det mest sannsynlege, seier ho.

Ingen vanleg passasjer


– Burde sjåføren heller ha plassert sauen framme på passasjersida, som billettøren fortel at andre gjer?

– Tja, det er i minste godkjent innanfor vårt regelverk, for då er sauen iallfall godt sikra inne i ein bil. Samstundes må ein nok ta omsyn til trafikksikkerheit, men det er ikkje vårt bord.

Ifølgje Selboskar er det sistnemnde som gjorde at han ikkje hadde sauen med seg inne i bilen.

– Eg kjenner ei som frakta ein sau med seg på passasjersida av bilen, men sauen vart uroleg og hoppa over på førarsida. Det heile heldt på å gå gale, så det er ikkje noko eg vil prøve meg på, kommenterer han.

– Er løysinga då å bruke bilbelte på sauen? spør NRK Mattilsynet.

– Nei, seier Lillebostad i Mattilsynet, – for då er jo sauen fastbunden! ler ho.

Tek med hengaren neste gong

Ove Vegard Selboskar seier at han vanlegvis brukar å frakte dyr med hengar, men at han denne gongen hadde tenkt det var enklare å ta vêren bakpå lasteplanet i staden for.

Ove Vegard Selboskar

Ove Vegard Selboskar lovar å halde seg til regelverket når det gjeld frakt av sauer i framtida. Arkivfoto.

Foto: Arne Veum

– Når det berre er eit enkelt dyr, så har eg frakta med pickupen eller med traktorskuffa, seier han.

Selboskar hevdar dessutan vêren hadde det fint der han stod, til trass for at han var bunden til bilen.

– Han stod og urta oppå planet der, så eg trur ikkje han leid noko naud, seier Selboskar. – Han lever iallfall beste velgåande no, legg han til.

Han hevdar at han ikkje var kjend med reglane til Mattilsynet, og lovar no å rette seg etter dei.

– Eg skal ta med hengaren neste gong eg skal frakte både ein og fleire sauer, lover han.