Hopp til innhold

Studentar treng dyktige mentorar i praktisk yrkesopplæring

Dyktige og støttande mentorar kan vere avgjerande for å få sjukepleiarstudentar til å jobbe i eldretenesta når utdanninga er ferdig. Det har dei god tru på i Ålesund.

Studentar i praksis ved Skarbøvik sykehjemi Ålesund.

Joachim H. Kleiven og medstudentar får prøve ut korleis dei kan bruke ulikt utstyr for at pasientane ved sjukeheimen får ein bra kvardag. God, fagleg rettleiing er avgjerande for god læring, meiner dei.

Foto: Selma Lou Reinhart / NRK

– Ligg du godt eller skal eg heve opp senga slik at det blir lettare å puste?

Sjukepleiarstudent Joachim H. Kleiven har auga, hjartet og nesten 10 veker praktisk erfaring med seg i praksisvekene ved Skarbøvik Sjukeheim i Ålesund.

Saman med fem andre førsteårsstudentar er sjukeheimen det første møtet med yrket han vil inn i. Praksis i ulike delar av helsevesenet utgjer halvparten av studiet for sjukepleiarar.

– Før eg kom hit tenkte eg at aldersheim skulle eg aldri jobbe på. Men no gler eg meg til kvar einaste dag på jobb. Det er så fint å vere her, seier Joachim.

Studentar i praksis ved Skarbøvika sykehjem i Ålesund.

Det er mangt å diskutere på medisinrommet gjennom 10 veker med praktisk innføring i sjukepleiarfaget. Frå venstre Malene Eide Høybye, Joachim H. Kleiven, Maren Heggdal Olsen og Edith Johanne Olsen.

Foto: Selma Lou Reinhart / NRK

Kjensle av å bli teken vare på

Ei av årsakene til begeistringa hans er den tette samanhengen mellom den teoretiske kunnskapen i utdanninga ved NTNU i Ålesund, og den praktisk innføringa av yrket.

– Vi føler oss godt tekne vare på og får veldig bra rettleiing, slår medstudentane Edith Johanne Olsen, Malene Eide Høybye og Maren Heggdal Olsen fast.

Det er ingen løyndom at det kan vere stor skilnad på korleis studentar frå ulike studium opplever den faglege nytta av praksisperiodar når dei prøver seg i yrkeslivet.

Studiebaromterert 2023 avspegla at sjukepleiarstudentar var mellom dei minst nøgde på område fagleg rettleiing, skriv nettavisa Krohno.

I fellesskap tettar no sjukepleiarutdanninga ved NTNU i Ålesund og kommunen gapet mellom teori og praksis. Med seg har dei Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Møre og Romsdal. Rettleiarane studentane møtet i praksis spelar ei nøkkelrolle i prosjektet.

Frå før finst det lite dokumentasjon om denne typen samarbeidsprosjekt i den kommunale helsetenesta i Noreg.

Rettleiarane er alfa og omega

Rettleiarane er den viktigaste ressursen for studentane i praksisperiodane, erfarer Rigmor Einang Alnes, førsteamanuensis ved Institutt for Helsevitenskap ved NTNU i Ålesund.

– Difor må studentane møtast på ein god og fagleg måte som gjer dei trygge, gir god utvikling og læring. Då må også mentoren ha kompetanse i rettleiarfaget og vere godt rusta. Det viser all forsking, seier Einang Alnes, og slår fast at det å vere mentor er eit fag i seg sjølv.

Birgitte Drågen og Rigmor Alnes Einang ved NTNU i Ålesund

Prosjektleiar Birgitte Drågen og førsteamanuensis Rigmor Einang Alnes i øvingslokala til sjukepleiarstudiet ved NTNU i Ålesund.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ho peikar vidare på kor viktig det er at studentane kjenner seg velkomne til praksisplassen, og blir møtt av ein mentor som ser dei, gir god rettleiing gjennom heile perioden, følgjer med i læringa og forstår kor krevjande situasjonane kan vere for studentane.

Mange sjukepleiarar som er mentorar i den kommunale helsetenestene i Ålesund, har no teke utdanning i praktisk rettleiing.

Merkar forskjell

Sjukeheimen i Skarbøvika har fem sjukepleiarar med mentorutdanning.

– Vi ser at desse har betre kompetanse enn før. Dei forstår kva mentor-rolla inneber, og er godt fagleg rusta til å ta seg av studentane i praksistida, seier styrar Anne Berte Hareide. Ho er svært glad for at sjukeheimen er ein del av opplegget som no blir gjennomført i Ålesund.

Line Strømsvik er ein av rettleiarane, og ser forskjell i måten studentane blir tekne vare på i møtet med sjukepleiaryrket.

Line Strømsvik er ein av fem mentorar for studentar ved Skarbøvik sjukeheim i Ålesund

Line Strømsvik er ein av fem sjukepleiarar ved Skarbøvik sjukeheim som har mentorutdanning.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– Den aller første praksisperioden legg på mange måtar grunnlaget for resten av yrkesutøvinga. Det er no studentane møter pasientar for første gong, og kanskje opplever smerte og vanskelege situasjonar hos dei. Å bli møtt og sett er heilt avgjerande for å tørre å gå vidare inn i faget, meiner Strømsvik.

Rekruttering for kommunen

Birgitte Drågen ved NTNU leiar prosjektet i Ålesund, og seier opplegget kan vere eit viktig bidrag i utfordringane kommunane har med framtidas helseteneste.

– Målsetjinga er at dei 130 studentane som årleg startar sjukepleiarutdanning her, skal oppleve at kommunehelsetenesta kan vere kjempespennande. Får dei godt fagleg utbytte av praksisperiodane ved aldersheimar og i heimetenesta, vil det kunne vere med og sikre rekrutteringa.

Sjukepleiar og mentor Line Strømsvik gir praktiske råd til sjukepleiarstudentar som er ute i praksis ved Skarbøvik sykehjem i Ålesund.

Sjukepleiar og mentor Line Strømsvik gir praktiske råd til studentar ved Skarbøvik sjukeheim i Ålesund.

Foto: Selma Lou Reinhart / NRK

Joachim H. Kleven kan bli dømet som viser at prosjektleiaren får rett.

– Eg ville ikkje hatt noko i mot å vere i eldreomsorga. Står eg i denne jobben om 10 år, vil eg vere veldig fornøgd, for å seie det rett ut.