Hopp til innhold

Kreftpasientar såra av 5080.no

– Humor må ikkje vere slik at det sårar menneske i vanskelege livssituasjonar, seier etikkekspert.

5080 Nyhetskanalen

Markus Gaupås Johansen og Sturle Pedersen har gjort nyheitssatire til levebrød gjennom 5080 Nyhetskanalen.

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

5080.no

5080-artikkelen med «10 tegn på at du har dødelig kreft» haustar kritikk frå Kreftforeningen.

Foto: 5080.no/Skjermdump
Gunnar Bodahl-Johansen

Gunnar Bodahl Johansen ved Institutt for journalistikk er ekspert på presseetikk.

Foto: Arkiv

Måndag hadde Dagbladet ei nettsak med tittelen «10 tegn på at du har dødeleg kreft.» Saka var levert av den satiriske nettportalen 5080.no, og var humoristisk meint.

Innhaldet i saka viste seg å provosere kreftpasientar og pårørande. Dagbladet fjerna raskt artikkelen og beklagar oppslaget.

Balansegang

Ekspert på presseetikk, Gunnar Bodahl Johansen, seier det er vanskeleg å trekkje ei bastant grense på kva som er greitt og ikkje når det kjem til humor.

– I utgangspunktet så meiner eg at det meste kan gjerast til gjenstand for humor. I tilfelle der ein fleiper det som går på sjukdom og død, er det grunn til å utvise stor grad av forsiktigheit, meiner han.

Johansen peiker på at 5080 Nyhetskanalen har som føremål å ironisere over tabloidpressa og oppslag dei har som skapar frykt og uro. Men fordi artikkelen først vart lenka til i nyheitsavisa Dagbladet, meiner han at mange misforstår innhaldet.

– Dersom humoren ikkje er til å kjenne att, og ein samstundes fleipar med noko så alvorleg som kreft, så vil mange seie at grensa er nådd. Dagbladet burde nok ha tenkt seg om før dei la inn artikkelen, seier han.

Framleis tilgjengeleg

Trass i at Dagbladet fjerna saka, har leverandør 5080 Nyhetskanalen framleis artikkelen tilgjengeleg på si nettside. I ein epost til NRK skriv Markus Gaupås Johansen i 5080 Nyhetskanalen at dei ikkje ønskjer å diskutere humor. Ifølgje Gaupås Johansen var artikkelen meint som eit spark til tabloidpressa og ein parodi på skremmesaker om sjukdom.

– At nokre oppfattar han som harselas med kreftpasientar er trist, men ikkje så mykje vi kan gjere noko med, skriv han.

Liv Skjørsæter Johansen

Liv Skjørsæter Johansen er kreftkoordinator i Molde kommune. Ho synest 5080.no-artikkelen er usmakeleg.

Foto: Molde kommune
Tanja Alme

Tanja Alme, kreftkoordinator i i Sula kommune, synest det kjem dårleg fram at artikkelen er humoristisk meint.

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Etikkekspert Gunnar Bodal Johansen meiner 5080.no med fordel kunne ha fjerna artikkelen også frå eiga nettside, fordi det ikkje kjem fram av saka at ho er ironisk meint.

– Humor må ikkje vere slik at det sårar menneske i vanskelege livssituasjonar, kommenterer han.

– Ikkje morosamt

Pressesjef Erik Vigander i Kreftforeningen har teke imot fleire reaksjonar frå kreftpasientar og pårørande som har sett artikkelen.

– Vi forstår at 5080 driv med satire og ønskjer å latterleggjere fryktjournalistikken. Likevel synest vi at dei her bommar grovt. Det er ikkje morosamt, seier han.

Vigander har lagt fram synspunkta til Kreftforeningen i ein epost til satireportalen.

– Det er viktig med satire, men dette forsøket på å ramme tabloidavisene og nettavisene treff dessverre ei svært sårbar gruppe hardt.

– Viktig med humor

Liv Skjørsæter Johansen og Tanja Alme er kreftkoordinatorar i Molde og i Sula kommune. Begge er i dagleg kontakt med kreftpasientar og pårørande.

Etter å ha lest artikkelen er dei begge forferda over innhaldet.

– Usmakeleg, seier Skjørsæter Johansen som kan godt forstå at mange føler seg trakka på av artikkelen.

– Tipunktslista i artikkelen er faktisk kvardagen til svært mange. Då vert det heilt feil å legge det fram som humor, legg ho til.

Tanja Alme understrekar at det finst mykje galgenhumor på kreftavdelingane rundt om, men at artikkelen går over ei grense.

– Det er ingen stad i artikkelen det kjem fram at han satirisk eller humoristisk meint. Når det i tillegg dreier seg om dødeleg kreft – som mange trass alt har – så synest eg dette berre er forkasteleg.