Hopp til innhold

Mission possible skal hjelpe born

For første gong i Norge er det oppretta eit ambisiøst samarbeidsprosjekt som skal betre hjelpa til born og unge som er i krise.

Konferansen

Over 200 fagpersonar var samla til den første samlinga til Mission Possible.

Foto: Maria Holand Tøsse

Dei skal stå saman. Helse Møre og Romsdal, Bufetat, politiet og 19 kommunar på Sunnmøre. Saman skal dei få til eit meir samordna tidlbod til born og unge i risikogrupper.

Over 200 fagpersonar på Sunnmøre drøfta måndag korleis dei betre kan samarbeide på tvers av eigne fagområde slik at born og unge som slit får det betre.

Born og unge som slit med psykiske problem eller rus, skal bli tatt imot og behandla av offentlege etatar på Sunnmøre på ein betre måte.

Ove Økland

Heilt nødvendig å få ei betre samordning mellom etatane, meinedr Klinikksjef Ove Økland ved Klinikk for barn og unge i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK
– Heilt nødvendig

Klinikksjef Ove Økland ved Klinikk for barn og unge i Helse Møre og Romsdal seier ei betre samordning mellom etatane er heilt nødvendig.

– Det har vore altfor mange usikre gråsoner der den eine etaten prøver å få over ein sak over til neste nivå, seier Økland.

Formålet med prosjektet er at tenestetilbodet skal bli meir koordinert.

På tvers av kompentanseområder

Med i nettverket for å bryte barrierar mellom etatane er både barnehagepersonell, helsesøstrer, barnevernfolk, psykiatriske sjukepleiarar, kommunelegar, jordmødrer, lærarar og andre.

– Det er heilt nødvendig at etatane heng saman for at borna skal ha eit samanhengane tenestetilbod både på dagtid, kveld og helg, seier Økland.

Mission Possible

Ei felles satsing for å styrke tidleg, rett og koordinert innsats for born i risiko.

Foto: Maria Holand Tøsse

– Kor retningsgivande vil dette prosjektet bli for resten av landet?

– Det er umogleg å seie, det er avhengig av mange andre faktorar, men vi har god tru på dette, seier Økland.

Klinikksjefen har tru på at resultatet av samarbeidet vil vise seg raskt.

– Vi bør sjå effekten av dette iløpet av slutten av året, seier Økland.

Ambisiøst prosjekt

Prosjektleiar Anne Venke Myren

Prosjektleiar Anne Venke Myren i Mission Possible.

Foto: Maria Holand Tøsse

Prosjektleiar Anne Venke Myren innrømmer at dette er eit ambisiøst prosjekt.

– Der finns komplekse samhandlingsutfordringar, men dersom vi klare å løyse nokre av desse utfordringane er vi kome eit steg vidare uansett, seier Myren.

Mission Possible er starta opp fordi tilbodet for born og unge i risikogruppa ikkje har vore godt nok.

– Det har vore sentrale føringar i mange år i forhold til barn i risiko og tidleg hjelp, men det har vore vanskeleg å få dei resultata ein ynskjer, fortel Myren.

Første samling

Prosjektleiaren

Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal, Bufetat, politiet, kommunane på Sunnmøre / Sunnmøre regionråd.

Foto: Maria Holand Tøsse

Konferansen måndag var den første samlinga til samarbeidsaktørane etter fleire forprosjekt sidan 2010. No skal prosjektgruppa ut til alle aktørane og få eit bilete av kvar skoen trykker.

– Då skal vi finne ut kva dei ulike aktørane tenkjer, er oppteken av og kva dei synest er viktig å prioritere. Deretter vil vi ha ei samling i april etter at vi har systematisert denne informasjonen, seier Myren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL