NRK Meny

Ruskøyring på Sunnmøre

Politiet på Sunnmøre stoppa fleire bilistar mistenkte for ruskøyring i går kveld, i natt og i dag tidleg. Seint i går kveld blei ein mann stoppa i Ålesund, og rundt midnatt blei to personar stoppa i Ulsteinvik. Politiet trur begge har køyrt i rus, og med same bil. I 07.00-tida blei det også i Giske stoppa to menn i same bil, og også her er det mistanke om ruskøyring.